Og denne milepælen inneber ein ny industriell epoke for Møre og Romsdal, seier Bondevik.
Når Ormen Lange passerer statsråd i dag, er nok ein etappe på vegen fram mot gass-eventyret i Aukra tilbakelagt.
Neste etappe er Stortinget som skal behandle denne saken i vår.
Bondevik både håpar og trur og utbyggingsplanane får fleirtal.
- Prosjektet er samfunnsøkonomisk viktig, og sjølv om kostnadene er store er dei venta inntektene større, seier Bondevik.
- Difor er dette viktig både for landet, for fylket og ikkje minst for kommunen, seier statsministeren.
Ormen Lange blir etter planen sett i drift i 2007.