NRK Meny
Normal

- Eg var viss på at folk hadde gløymt meg

Årets Tahitipris blir delt ut til Hilde Frafjord Johnson for hennar arbeid i Sør-Sudan.

Hilde Frafjord Johnson
Foto: Piene, Bibiana / NTB scanpix

Allereie for ti år sidan var Frafjord Johnson aktiv i arbeidet med å få til ein fredsavtale mellom dei stridande partane i den sudanske borgarkrigen. No tek ho imot årets Tahitipris for sitt langvarige arbeid i Sør-Sudan, kor ho er spesialrepresentant for FN sin generalsekretær.

– Eg blei overraska over at nokon framleis hugsar kven eg er og at eg jobbar med internasjonalt ansvar, seier ho om å det å få prisen.

– Eg har vore ute av Norge i mange år og trudde folk hadde gløymt meg.

Ein treng ikkje starte noko revolusjon for å bety noko for eit anna menneske.

Hilde Frafjord Johnson, vinner av årets Tahitipris

Lev i konstant krise

Frafjord Johnson har drive med krisehandtering i tre år sidan Sør-Sudan fekk sin uavhengnad, ein veldig trong start. Det har stort sett vore krise i landet heile tida etterpå.

Les og: Våpenkvile i Sør-Sudan

Det siste og verste var konflikten som braut ut 15. desember i fjor, som har etterlate enorme øydeleggingar og over ein million menneske på flukt.

– Hundre tusen av dei har søke tilflukt i UNMISS sine basar, kor vi huser både sivilt og militært personell, der har vi opna portane så dei fekk vern.

Frafjord Jonsen beskriv situasjonen ho jobbar i til dagleg som svært krevjande. Dei fleste flyktningane er hos UNMISS på sjette månaden no.

– Vi samarbeider med humanitære organisasjonar om å ta vare på dei. Det er ein enorm operasjon, og utruleg vanskeleg.

Håper på framgang

Går det nokon gong an å regne ein jobb som den Frafjord Johnson har, som utført?

– Ein må jo berre håpe det. At Sør-Sudan skal kome seg på fote igjen. Vi har sett andre land i krise som har komme seg igjennom. Øst-Timor er eit anna land som kom i stor krise fem år etter å ha fått sin uavhengnad, og dei står i dag igjen som ei suksesshistorie. Så det er mogleg.

Les og: Vil kaste Johnson ut av Sør-Sudan

Når det gjeld dei 100.000 kronene ho får saman med prisen til å donere til eit formål som gagner saka, seier prisvinnaren at ho tenker å donere til ein organisasjon som kan hjelpe unge jenter i det kriseramma landet.

– Det er ofte dei som lid aller verst.

Alt hjelper

– Det er lett for oss "folk flest" å føle at vi er makteslause og ikkje kan gjere ein forskjell i dei store krisene. Kva bør ein gjere?

– Det er alltid mulig å gjere ein forskjell. Støtt organisasjonar som gjev pengar til humanitære organisasjonar som jobbar i kriseområde, sørg for at statsbudsjettet held fram med å auke og går til å hjelpe andre land, bli medlem i Amnesty, ha eit fadderbarn ... kvar teneste og kvar vesle ting hjelper. Ein treng ikkje starte noko revolusjon for å bety noko for eit anna menneske. Det må ikkje vere anten eller, nokon gonger kan ein bety noko for berre eit enkelt menneske, og nokon gonger er det nok.