NRK Meny
Normal

- Dette vert no steikje bra

Det er fjorårets juniorverdsmeister i friidrett åttekamp, Karsten Warholm (18), frå Dimna IL som seier dette når han for første gong er på byggeplassen for den nye Ulsteinhallen.

Ny Ulsteinhall står ferdig tidleg i november.

Desse tre har vore på synfaring i nye Ulsteinhallen og sjekka at alt ser bra ut. Tidleg i november er hallen ferdig. Foto/redigering: ARNE FLATIN

Hallen vert ein fleirbrukshall og blant anna regionalt friidrettsanlegg. I følgje oppvekst og kultursjef i Ulstein, Leif Ringstad, er dette den største i sitt slag mellom Trondheim og Bergen.

Hallen har ein prislapp på rundt 123 millionar kroner inkludert moms.Det er Ulstein kommune som betalar for gildet, medan Møre og Romsdal Fylkeskommune betalar leige kvart år. I tillegg har kommunen fått midlar både frå Kulturdepartementet og så kalla spelemidlar. Også Dimna idrettslag har vore med på å betale hallen.

Framsteg

Denne vinteren har Karsten Warholm og dei andre i Dimna rigga seg til under tribunetaket på Høddvoll der dei har trent. Det har vore både kaldt og kimmerleg, men det har nok likevel truleg styrkt miljøet i klubben. Etter forholda har dei greidde seg bra også i vinter, seier Warholm til NRK.

Han er likevel klar på at dette vert eit kjempeframsteg.

- Det å få både tak og varme vil gjere godt for alle og truleg føre til endå betre oppmøte på treningane

Arve Hatløy som er trenar for Karsten seier at dette vil gi dei eit fullverdig treningstilbod gjennom heile vinterhalvåret.

Desse tre ser fram til ny Ulsteinhall.

Arve Hatløy, Dimna, juniorverdsmeister Karsten Warholm og kultursjef Leif Ringstad ser fram til ny Ulsteinhall.

Foto: Arne Flatin / NRK

- Det vert nesten slik no at når det er ein liten bris ute om sommaren så kjem vi til å trekke inn i hallen, humrar han.

Leif Ringstad seier dette vert ein viktig hall for Dimna, men også for handballmiljøet i Hødd til dømes. Også baskebtall og andre hallidrettar får glede av hallen. I tillegg vert Ulstein vidaregåande skule som har idrettslinje ein storbrukar av hallen på dagtid.

Nye Ulsteinhallen

Den nye Ulsteinhallen har fått på plass vegger og tak, men ein del arbeid står enno att.

Foto: Arne Flatin / NRK