Hopp til innhold

- Dette er eit piratskip

Det meiner Jan Ole Otnæs. Med denne festivalbåten vil Raumarock selge øl og spele rock under jazzfestivalen.

Fjord Visjon

FESTIVALBÅT: Eller piratskip? Moldejazz reagerer sterkt på at Raumarock vil ligge til kai med eigen båt under jazzfestivalen, for å reklamere for sitt eige arrangement.

Foto: privat

Jan Ole Otnæs

PROVOSERT: Festivalsjef for Moldejazz, Jan Ole Otnæs, meiner Raumarock oppfører seg ukollegialt når dei ankrer opp med festivalbåten i Molde denne veka.

Foto: Trond Vestre / NRK

- Dette er berre trist, seier Jan Ole Otnæs.

Inntek Moldejazz

Raumarock besøker jazzfestivalen med eige skip denne veka. Ombord blir det servering for 120 gjestar, som får høyre musikk som skal spelast på Raumarock i starten av august.

- Det har vore ein tradisjon blant festivalar at dei samarbeider og støtter kvarandre, seier Otnæs.

No kaller han festivalbåten til Raumarock for eit piratskip som vil tene på at Moldejazz har investert millionar i eit stort arrangement.

- Det Raumarock gjer no er å gå i ei slags konkurranse med oss og det synes eg er ukollegialt, seier han.

Overraska

Festivalsjef Frode Nakken

PR: Raumarock har ingen planer om å konurrere med Moldejazz. - Dette er for å reklamere for vår eigen festival, seier Frode Nakken, leiar for Raumarock.

Foto: Frode Berg

Leiar i Raumarock, Frode Nakken er overraska over reaksjonen.

- Dette er ikkje noko vi gjer for å konkurrere med Moldejazzen, men for å marknadsføre vår eigen festival, seier han.

Med plass til 120 gjestar rekner han ikkje med å bli ein trussel verken for musikkarrangementa eller for dei andre utestadane i Molde.

- Ingen vil velje å gå til denne båten i staden for ein konsert på Romsdalsmuseet for eksempel, seier Nakken.