Hopp til innhold

- Dette blir mykje

- Vi skjønte at noko drastisk måtte gjerast. No syns vi det vart mykje, seier hovudtillitsvald i Ekornes, Asbjørn Sjåstad.

- Det er ein voldsom reduksjon som no er lagt opp til, seier Asbjørn Sjåstad. Han er hovudtillitsvald i Ekornes.

- Vi har vore i dialog med leiinga jamt og trutt utover hausten, og både før og etter jul, og vi skjøner at ting må gjerast, seier han.

Startar forhandlingane

- No har leiinga lagt fram ei skisse, og forhandlingane startar no mellom leiinga og tillitsvalde for å bli samde om korleis dette skal gjerast.

No foreslår leiinga å legge ned fabrikken på Stranda , og flytte produksjonen der til Hareid.

Drastisk

Sjåstad er klar på at dette er drastiske og alvorlege tiltak.

- Klart det er. Vi skjønte at noko drastisk måtte gjerast. No syns vi det vart mykje, men det er jo ein gang slik at dette er forslag, vi er ikkje i mål enno, fortel Sjåstad.