NRK Meny
Normal

- Må lære å vente

- Adventskalenderen skulle skape forventing, seier kyrkjehistorikar Birger Løvlie.

Birger Løvlie sin adventskalender

MED FYRSTIKKESKER: 24 fyrstikkesker med snop og salmevers. Slik var kalenderen Birger Løvlie brukte for sine born.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Birger Løvlie

- ADVENTSKALENDEREN ER VIKTIG: Det meiner i alle fall kyrkjehistorikar Birger Løvlie.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Sjølve adventskalenderen er ganske ny. Men opphavet er det med mørketida, og behovet for å markere noko lyst, seier Løvlie.

Han er dosent ved Høgskulen i Volda, og sit med ein kalender framfor seg på skrivebordet.

- Det er altså 24 fyrstikkesker som heng i ein streng med bjelle nedst, fortel han.

Høyr Birger Løvlie i fyrste luke i NRK Møre og Romsdal sin adventskalender her:

- Nedtur med salmevers

Kalenderen kjøpte han og kona på 1980-talet då borna skulle opne. I enkelte av fyrstikkeskene kunne ein finne noko godt, i dei andre låg det gjerne eit vers som skulle lærast.

- Det kunne nok vere ein liten nedtur, ler Løvlie.

Han fortel at det gjerne var slik det starta då adventskalenderen gjorde sitt inntog.

- Ein byrja med å tenne adventslys, og starta etter kvart med adventskransar med mykje lys på, og ein laga adventslysestakar. Då tente ein eit lys per dag, eller eit for kvar søndag i advent, seier han.

Artikkelen held fram under videoen.

Video Adventskalender NRK Møre og Romsdal, 1. desember

Sjå Birger Løvlie sin kalender frå 1980-talet.

Glansbilde og Jesusbarnet

- Så byrja ein etter kvart med å lage adventskalendarar for born, der ein kunne opne ei luke for kvar dag.

I desse lukene kunne det gjerne ligge glansbilde, som skapte forventing fram mot jul.

- Den 24. desember var det Jesusbarnet som dukka opp, då var barnet i krybba bak luka, seier Løvlie.

Fjernsyn og kristendom

Skomaker Andersen

FJERNA SEG FRÅ KRISTENDOMEN: Då 'Jul i Skomakergata' kom i 1979, var den tidleg ute med å vere adventskalender utan kristne symbol.

Foto: Owesen, Paul, Paul Owesen / Scanpix

På slutten av 1970-talet dukka skomakaren Jens Petrus Andersen opp i fjernsynsrutene i Noreg. Med dette var ein ny tradisjon, med adventskalender på fjernsyn skapt.

- Det er ein del av TV-alderen. Skomaker Andersen sat der med eit venleg smil og laga ein veldig enkel julekalender-appelsin med 24 nellikspikar i.

Denne kalenderen utan kristne symbol kan ha vore med på å ta adventskalenderen vekk frå kristendommen, meiner Løvlie.

- Viktig for borna

- Det er jo det, viss ein skal sjå veldig alvorleg på det. Ei jul utan Jesus blir fattigsleg, meiner kyrkjehistorikaren.

Likevel er han sikker på at kalenderen som fenomen er viktig for folk.

- Det er jo viktig for borna. Den er viktig i den grad den er med på å byggje opp forventing, og viktig i den grad ein kan vise at forventinga kan knyttast til vår herre og frelsar. Det er jo der jula sentrerer seg, trass alt, seier Løvlie.