Det meiner helsepolitisk talsmann i Arbeidarpartiet, Asmund Kristoffersen, etter at partifelle Per Kristian Øyen har foreslått å legge ned Helse Nordmøre og Romsdal.
Kan miste tilbod?
Men Kristoffersen seier sjukehuset i Kristiansund kan miste fleire tilbod dersom det blir eit underbruk av St.Olavs Hospital.
Det er partifellen til Kristoffersen, Per Kristian Øyen, som har tatt til orde for at Helse Nordmøre og Romsdal bør splittast.
Per Kristian Øyen
Sjukehuset i Kristiansund bør overførast til Helseføretaket St.Olavs Hospital, medan sjukehuset i Molde bør leggast under Helse Sunnmøre, meiner Øyen.
Øyen var tidlegare helsetalsmann for Arbeidarpartiet, då fylkeskommunen hadde ansvaret for sjukehusa.
Helse Nordmøre og Romsdal har hatt interne problem, og var også det første føretaket som skifta styre etter helsereforma.
Kampen om kva for eit sjukehus som skal tilby kva for medisinsk behandling er hard mellom dei to sjukehusa.
Må samarbeide
Men Kristoffersen seier at Nordmøre og Romsdal må samarbeide.
Trass i problem tidlegare, meiner han at dette fungerer betre no enn før.
Jan Petter Hammerø
Også i Molde blir utspelet frå Øyen møtt med skepsis av ordførar Jan Petter Hammerø.
- Argumentasjonen er skivebom, seier Hammerø.
Han meiner fylket må halde saman, for å kunne stå imot presset både frå Bergen og Trondheim.