Hopp til innhold

- Cup er cup

- Dei hadde vel to i stolpen og ein heil del sjansar. Vi hadde vel knapt eit skot, så vi var nok heldige til pause, sa MFK-trenar Kjell Jonevret etter kvartfinalen mot Lyn.

magne Hoseth

Her feirar Magne Hoseth etter å ha punktert kvartfinalen mot Lyn.

Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Molde Fotballklubb er på veg mot ei ny cupfinale etter å ha sikra seg plass i semifinalen i går kveld.

Romsdals-laget slo Lyn 3-1 på Ullevaal etter ekstraomgangar.

Molde var heldige som ikkje låg under med to-tre mål etter første omgang, seier trenar Kjell Jonevret.

Kjell Jonevret
Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX

Lett å få panikk

- Dei hadde vel to i stolpen og ein heil del sjansar. Vi hadde vel knapt eit skot, så vi var nok heldige til pause, seier Jonevret etter kampen.

- Men cup er cup, legg han til.

Ekstraomgangane vart spennande i kampen der det stod 0-0 etter ordinær tid.

- Når dei skåra var det så tidleg i ekstraomgangane. Då blir det lett panikk, fortel han.

- Gutane hengde litt med hovudet då, men vi forsøkte sidan det var 25 minutt att. Det er berre å jobbe på då, det er jo lang tid, over ein halv omgang, meiner trenaren.

44 minutt katastrofe

- Så skåra me så pass raskt og då blir det ein heilt annan situasjon. Då heng dei litt med hovudet i staden, og når vi då tek leiinga er det klart dei jagar på, men eg tykkjer vi kontrollerte det, seier han.

I løpet av ekstraomgangane vart det skåra 4 mål, der Lyn fyrst tok leiinga, før Molde skåra to raske, og Magne Hoseth punkterte kampen like før slutt. At det enda slik kan ha vore tilfeldig, meiner Jonevret.

- Om ein ser på heile kampen så er det nok definitivt slik. Lyn kunne leia både 2-0 og 3-0. I pausa sa eg til nokon her at eg var nøgd med siste to minutta av fyrste omgang, og dei 44 andre var ein katastrofe, fortel han.

Bra andre omgang

- Der var vi ille ute, men det er små marginar, seier han, nøgd med å ha sikra semifinaleplassen i NM.

Magne Hoseth var med på å snu kampen då han kom inn for Molde etter pause mot Lyn.

Hoseth laga også 3-1-scoringa som punkterte kampen i siste ekstraomgang.

- Vi gjer det veldig bra i heile andre omgang, og resten av kampen, seier han. I dei spennande ekstraomgangane var han med på å avgjere for Molde.

Bingo

- Eg følte meg lett og pigg, og det såg ut som om dei hadde det tyngre enn oss. Dei har nokre bra individualistar, men når dei heile tida skal gjennom midten må vi berre takke dei for det i dag, seier Hoseth.

No når Molde er klare for semifinale, er det mange ting som kan skje.

- Vi får sjå kven vi trekkjer, om det blir heime- eller bortekamp, alt det der er bingo. Vi får ta den motstandaren vi får, og møte dei når dei kjem, så får vi eventuelt prøve å slå dei då, seier han.