Hopp til innhold

- Colakaker er ein barnefavoritt

- Colakaker høyrer jula til. Dei er i alle fall ungane glade i, seier Martinus Peder Haugen.

Colakaker
Foto: Martinus Peder Haugen

- Det er smaken som appellerer, i tillegg til at dei er sprø og god og ete, seier Haugen.

Men trass i namnet er det ikkje cola å finne i oppskrifta. Likevel er kakene søte nok.

- Det er mykje både sukker og smør i dei, smiler Haugen.

- Legg dei på rist

Martinus Peder Haugen

COLAKEBAKAR: - Ungane liker desse kakene, seier Martinus Peder Haugen.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Kakene er som små kjeks. Dei skal steikast i pølser i omnen, og derettar skjerast i skiver når dei kjem ut att.

- Legg du dei på ei rist blir dei ekstra sprø.

Her finn du oppskriftene til colakakene til Martinus Peder Haugen.

Ingredienser

400 g margarin
400 g sukker
600 g kveitemjøl
4 ts natron
4 ts vaniljesukker
4 ss sirup
4 egg

Rull ut til ei fingertjukk pølse.
Legg dei på steikeplata med god avstand, for her flyter dei utover.
Steik på 200 grader i omlag 10 minutt.
Når kakene er ferdigsteikte, må de skjer dei i ca 15 millimeter tjukke stenger.
Legg på rist og avkjøl.
Oppbevar i ei tett boks.

- Ikkje til frukost

- Ein må følgje oppskrifta godt. Alle har forskjellige oppskrifter, men ein må finne den som passar best, seier han.

Og trass i at innhaldslista viser mykje sukker og smør, bør ein prøvesmake undervegs, meiner han.

- Du kan smake på desse under produksjon, men du treng ikkje ete slikt som dette til frukost.