NRK Meny
Normal

- Burde ha vore oppdaga

Ei leirsprekke i foten av fjellet bak rasblokka i Ålesund kan forklare kvifor store steinmasser sklei ut.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Scanpix

- Det er opplagt for meg at dette burde ha vore oppdaga då dei sprengte ut tomta, seier ingeniørgeolog frå NGI, Tore Valstad.

Tore Valstad

Tore Valstad er ingeniørgeolog i NGI.

Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

To geologar frå Oslo har vore på synfaring i rasområdet i Ålesund.

Geologane kan enno ikkje kome med endelege konklusjonar for kva som var årsaka til raset. Det kan dei først gjere når massane er henta ut og dei har fått undersøkt dei meir nøye.

Uforståeleg

- Det er vanskeleg å forstå korleis så store steinmasser plutseleg kan losne etter så lang tid, seier Valstad.

- Vanlegvis ville eit slik ras skje under sprenging av tomta. Men ei plausibel forklaring på korleis det kunne skje fleire år etter, er at det er ei leirsprekk i foten av fjellet. Leirsleppet har i utgangspunktet vore tørt og fint, men med sprenginga har det over tid blitt utsett for fukt og luft. Til slutt gav det etter, seier Valstad.

- Det burde ha vore gjort ei fagleg vurdering av tomta etter sprenging, seier han.

Geologane skildrar dette i ein geologirapport som blei lagt fram i Ålesund tysdag.

Må gjere tiltak

Geologane konkluderer med at det må gjerast fleire tiltak i fjellveggen bak husa i Fjelltunvegen.

Bak Fjelltunvegen 29 har dei funne ei 10 kubikk stor steinblokk som dei må sikre. Dei seier også at bergveggen bak Fjelltunvegen 33 har likskapstrekk med bergveggen bak rasblokka i Fjelltunvegen 31. Dei som bur i nummer 33 er difor på nytt evakuert. Heller ikkje dei som bur i nummer 29 har flytta heim enno.

- Vi bruker resultata frå undersøkingane bak Fjelltunvegen 31 som eit direkte estimat for å betre sikringa bak Fjelltunvegen 33, seier Valstad.

Også på baksida av nummer 33 skal det vere eit leirslepp, og geologane konkluderer med at det vil kreve betydelege forankringar av bergmassen for at fjellet skal vere stabilt.

Det er uvisst når folk får flytte tilbake. Det vil ta lang tid å sikre fjellet.