NRK Meny
Normal

- Bra dag for samferdsel

- Vi har oppnådd minstekrava og litt til, seier Randi Walderhaug Frisvoll, nestleiaren i samferdselsutvalet i fylket. Men heilt nøgd er ho ikkje...

- Det er ein veldig bra dag for Vegvesenet her i fylket, sa regionvegsjef Berit Brendskag Lied då Statens vegvesen heldt pressekonferanse i Molde i formiddag. Ho er godt nøgd med løyvingane både til vedlikehald, investeringar, rassikring og tunnelsikring.

Randi Walderhaug Frisvoll

Randi Walderhaug Frisvoll

Foto: NRK

Nestleiaren i samferdselsutvalet, Randi Walderhaug Frisvoll (KrF), var spesielt glad over at rassikringa på riksveg 60 Stranda - Hellesylt no kjem i gang, og at det er løyvt 1 million kroner til riksveg 70 på den rasfarlege Oppdølsstranda. Dessutan er fullføringa av renovasjonsarbeidet i Ålesundstunnelane no sikra.

Likevel ser ho sider ved samferdselsbudsjettet ho er mindre nøgd med. - Vi har framleis utfordringar når det gjeld ferjekaiene våre, og det er ikkje rom for å ruste opp ferjedrifta, seier ho.