- Me har fått ein ny statsråd som no har ansvaret for fjellskred i Noreg. Me må få orientere han, seier Stranda-ordførar Frank Sve (Frp).
- Det at NVE no kuttar ned i løyvingane til Åknes-Tafjord er dramatisk viss me skal greie å ha sikring rundt Åkneset og Mannen i Rauma. Me må få Borten Moe opp hit så fort som råd, meiner han.
Overvakar Åkneset, Hegguraksla og Mannen
Åknes-Tafjord Beredskap IKS held til på Stranda. Senteret overvakar Åkneset i Stranda, Hegguraksla i Norddal kommune og Mannen i Rauma kommune. Arbeidet går ut på overvaking og varsling dersom eit fjellskred med påfølgjande flodbølgje kjem.
- VED BEREDSKAPSSENTERET I STRANDA SEIER DEI TSUNAMIEN I JAPAN ER EI PÅMINNING:
At Noregs Vassdrags- og energidirektorat (NVE) no kuttar i tilskotet trur Sve vil føre til problem for prosjektet.
- Må innskrenke
- Me må innskrenke ein del av dei tiltaka som burde vore gjennomførte i 2011. Dei må bli gjennomførte no, seier han.
Dette gjeld både tiltak for beredskapen i Storfjorden, og sikringa av fjellpartiet Mannen i Rauma. For senteret har også ansvar for å overvake fjellet som kan skape flaum i Romsdalen.
- LES MEIR OM MANNEN HER:
Opna for bygging i fareområdet
Det har vore store diskusjonar siste åra rundt beredskapen i Storfjorden og byggeløyve for dei som bur i dei områda som kan bli ramma. På Hellesylt i Stranda kan bølgja bli heile
om raset blir så stort som ein kan frykte.I september 2009 vart det opna for at ein kunne
. Opninga gjeld berre for hotell, leiligheiter og liknande, men ikkje sjukeheimar og barnehagar. Dette kom etter at denne ordninga vart av dåverande kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.Tsunamien som ramma Japan etter jordskjelvet forrige fredag har gjort enorme øydeleggingar. Tusenvis av menneske er omkomne eller sakna. Dersom eit ras går i Storfjorden vil den kunne få liknande effekt.
- Viktig at han er orientert
Når dette no råkar Japan bør det vere ei påminning for statsråden, som bør kome på besøk til beredskapssenteret, meiner Sve.
- Det er ikkje så enkelt i eit så spesielt samfunn som Noreg i dag, å synleggjere kva ein tsunami er for noko, og kva risiko det utgjer å ha rasfaren hengande over. Då er det klart at det som skjer i Asia gir oss ein liten vekkar, og viser at dette er alvorlegm seier ordføraren.
- Då er det viktig at statsråden er orientert, meiner han.