Dei minste til Trondheim
Bratli seier St.Olavs hospital er best egna til å ta seg av dei alle minste, medan at Ålesund bør satse på å utvikle si eiga nyfødd-avdeling.
Ifølge Bratli skal St.Olavs hospital berre behandle dei små borna i ei til tre veker, før dei skal overførast til eit langt opphald på prematuravdelinga i Ålesund.
Knallhard kamp
Det pågår ein knallhard kamp om kven som skal behandle dei aller minste nyfødde barna frå Møre og Romsdal.
Kvart år blir det fødd mellom 15-20 barn i Møre og Romsdal før den 28. svangerskapsveke. Dei aller fleste av desse blir i dag behandla ved Ålesund Sjukehus.
Kompetanse
No vil Helsetilsynet og fagmiljøet i Helse Midt-Noreg flytte tilbodet til Trondheim for å styrke det faglege miljøet der. I Ålesund fryktar dei at kompetanse forsvinn dersom dei mest krevende barna blir flytta.
Men professor i barnemedisin ved St. Olavs Hospital i Trondheim, Dag Bratli, meiner at det ikkje er noko grunn til å frykte dette.
-Ei avsporing av debatten
Sjef ved barneavdelinga i Ålesund, Ove Økland avviser utspelet frå barneavdelinga i Trondheim om å gi opp behandlinga av dei aller minste barna.
- Bratli sitt utspel er ei avsporing av debatten, meiner Bratli.
- Vi håper på ein sakleg strukturdebatt der kvalitet blir lagt til grunn. Vi er spende på dei føringane som Helse Midt-Noreg vil kome med, og Bratli sitt innlegg oppfattar eg meir som ein kuriositet i den fasen vi er i akkurat no, seier Økland.