Det går fram av administrasjonen si høyringsfråsegn i samband med nasjonal transportplan.
- Det vil no verte opp til Ålesund kommune kva løysing dei vel, seier leiar i Samferdselsutvalet Olav Bratland.
Kling dårleg
Orda frå høgremannen og leiaren i samferdselsutvalet Olav Bratland kling truleg ikkje så godt i øyrene til partifellene i Ålesund.
Lokalpartiet har nemleg gjort eit prinsippvedtak mot å bruke bompengar til å finansiere vegar.
Men truleg vert det ingen veg utanom. Samferdselssjefen i fylkeskommunen har sett vegstrekninga på ein sjuande plass over prioriterte utbyggingar.
Kostar 300 - 600 mill.
Strekninga er kostnadsrekna til mellom 300 og 600 millionar kroner, alt etter om ein vel ei løysing på bakken eller om ein legg vegen i tunell.
Ikkje uventa vert det i høyringsfråsegna peika på at rammevilkåra er for låge.
Satt av 480 mill.
Det er sett av 480 millionar kroner til vegutbyggingar i perioden 2006 til 2015. Av dette går 436 millionar kroner til Eiksundsambandet.
I tillegg er det fleire kommunar som skal få refundert forkotterte midlar til prosjekt som er i gang.
Samferdsutvalet skal kome med den endelege fråsegna om nasjonal transportplan i sitt møte onsdag neste veke.