- Beste laget i Noreg

- Her viser Molde at dei er beste laget i Noreg, seier Eva Brit Mauseth i Tornekrattet etter 6-3 mot Vålerenga i semifinalen.

Eva Brit Mauseth

- MOLDE BEST I NOREG: Det meiner i alle fall leiaren i Tornekrattet, Eva Brit Mauseth.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Det var så mykje nervar som det skal vere i ein semifinale. Ikkje berre det, men me fekk så full valuta for pengane at det nesten var for godt til å vere sant.

Molde gjorde det spanande i ordinær tid, og Vålerenga var i leiinga til pause. I andre omgang gjekk det betre med heimelaget, og etter 90 spelte minutt stod det 2-2.

- Eg syns Molde hadde det beste spelet heile vegen. Men det hjelper ikkje når motstandaren kan få mål på den måten og sette heile kampen ut av perspektiv. Då blir det frykteleg nervepirrande, seier Mauseth.

- Dei hadde ikkje noko spel, men putta på den sjansen dei fekk, seier ho om motstandarane i semifinalen.

- Fantastisk kamp

Ramon Karadash

- FANTASTISK KAMP: Ramon Karadash var veldig godt nøgd etter kampen.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Ramon Karadash meiner kampen var veldig spanande.

- Det var ein fantastisk kamp, som inneheldt alt. Raudt kort, straffe. No er eg godt nøgd. Det var nesten slik at eg ikkje greidde å site stille ei stund, seier han.

Han skulle feire etter kampen, og håper å kome seg til Oslo for å sjå finalen i starten av november. Spenninga i kampen gjorde det berre endå betre, meiner han.

- Molde gjorde nok det med vilje for å skape litt ekstra stemning, ler han.

- Misbrukte sjansar

May Liss Kolmannskog og Odd Arild Gjendem

- FORTENT: May Liss Kolmannskog meinte det var for spennande, men Odd Arild Gjendem meinte det var slik det må vere.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Kampen var bra. Molde misbrukte altfor mange sjansar. I fyrste omgang var eigentleg Molde åleine på bana, seier Odd Arild Gjendem.

- Dei rundspelte Vålerenga, men VIF kjem til Molde og gjer det dei har gjort gong etter gong. Dei legg seg bakpå, og skårer fyrst.

Han meiner det måtte bli så mange mål i kampen, slik den utvikla seg.

Fornøgde MFK-supporterar

RÅTT! HEILT HERLEG: Desse jentene frå SKåla var godt nøgde med semifinalen i Molde onsdag kveld.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Det var rettferdig. Molde var det beste laget, utan tvil. Men Vålerenga vart litt svekka når dei fekk ein utvist.

- Kampen var akkurat slik det må vere i regnveret, lo han etter kampen.

- Molde var best

- Når ein måtte til ekstraomgangar viser det kven som er best. Når Molde fyrst bryt spelet til Vålerenga er det ingen som kan slå MFK. Molde var best, og er best, seier Eva Brit Mauseth etter kampen.