Styret har stansa alle utbyggingsprosjekt, fordi det manglar 600 millionar kroner til finansiering av mellom anna distriktpsykiatriske senter i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund.
Nesvik meiner utbyggingsstansen set liv og helse til dei psykisk sjuke i fare.
Frp-politikaren krever nå en skriftleg utgreiing frå helseminister Dagfinn Høybråten etter at all psykiatriutbygging i Møre og Romsdal og Trøndelagsfylka er lagt på is.
Styret i Helse Midt-Noreg set si lit til at pengane kjem i revidert nasjonalbudsjett til våren, men denne fremgangsmåten har Nesvik liten sans for.
Styreleiar Per Sævik i Helse Midt-Noreg seier dei måtte stoppe alle utbyggingsprosjekt.
Sævik avviser at dette er eit spel for å få løyvd meir pengar.