Hopp til innhold

- Batteriferjer kan bli realitet

- Det vil vere eit gjennombrot for arbeidet med å utvikle batteridrivne ferjer dersom samferdselsministeren opnar for dette, seier Per Kverndokk.

Video Batteriferjer kan bli realitet

Batteriferjer vil ikkje sleppe ut CO2

Kverndokk har arbeidd i fleire år med å greie ut moglegheitene for å drive bilferjer med batteri.

- Dette er veldig interessant. Me har arbeidd med dette prosjektet sidan 2005, seier Kverndokk.

- Kan vere i drift om fem år

For ferjene går i dag på diesel, bensin og gass, men batteridrevne ferjer lar vente på seg.

- Eg har skrive til to samferdsleministerar tidlegare, for å få midlar til å prøve dette prosjektet. Men dei har ikkje reagert.

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa sa tidlegare i dag at dei første batteriferjene kan vere i drift allereie om fem år.

- Det gjer eg. Me må utvikle meir miljøvenleg drivstoff, fordi me må få ned utsleppa frå transportsektoren. Viss ikkje når me ikkje klimamåla, seier Meltveit Kleppa.

- Blir billigare å byggje

Batteriferjer vil ikkje sleppe ut CO2. Spørsmålet er økonomien. Per Kverndokk er ein av veteranane i den skipstekniske bransjen med over 40 års erfaring.

Han har jobba i fleire år med å greie ut batteriferjer. No foreslår han eit prøveprosjekt.

For Kverndokk meiner batteriferjer vil vere like billig å drive som gassferjer, og mykje billigare å bygge.

- Batteridrevne ferjer blir 41 million kroner billigare å byggje enn gassdrevne ferjer, seier han.

Per Kverndokk

INITIATIVTAKAR: Per Kverndokk har arbeidd sidan 2005 med batteridrivne ferjer.

Foto: Trond Vestre / NRK