Hopp til innhold

- AZ hadde vunne Eliteserien

I kveld kan Aalesunds fotballklubb verkeleg ta steget ut i Europa. Med siger over AZ Alkmaar i kveld er Aalesund klar for gruppespelet i Europaligaen.

AaFK trenar på AFAS stadion i Alkmaar

AaFK trente på AFAS stadion onsdag kveld

Foto: Arne Flatin / NRK

AaFK sin assistenttrenar, Kent Bergersen, som er sjef for laget i den avgjerande kvalifiseringskampen til Europaligaen torsdag, kveld trur AZ Alkmaar hadde vunne den norske serien.

– AZ er litt betre enn dei beste laga i Noreg. Det er berre to år sidan dei vann den nederlandske serien og lag frå Holland har markert seg i Europa i fleire sesongar.

Kent Bergersen

Kenta på pressekonferansen onsdag kveld.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kent Bergersen er klar over at AaFK må prestere over evne for å slå Alkmaar ut av Europaligaen, og det til trass for at dei har 2–1 å gå på. Spørsmålet er også kor mykje han skal tore å satse offensivt.

– Vi er realistiske og veit vi får ein tøff kamp. Vi må vere gode defensivt, vere aggressive, skal vi kome unna med eit positivt resultat må vi også tore å satse offensivt når vi har sjansen.

Rekdal med på telefon

Bergersen skal leie AaFK mot det nederlandske storlaget, medan hovudtrenar Kjetil Rekdal er i Oslo på grunn av dødsfall i familien, men han har likevel vore med på å planlegge strategien før kampen.

– Kjetil er med på telefon, og elles førebur vi oss til denne kampen på vanleg måte der heile trenarteamet er involvert, seier Bergersen.

AaFK trente på AFA Stadion i Alkmaar, rundt 40 minutt nord for Amsterdam, onsdag kveld. Dei første 15 minutta var opne for pressa, men deretter vart NRK, Sunnmørsposten, TV2- og ikkje minst nederlandske journalistar vist ut av stadion på ein vennleg måte.

AaFK frykta at lagoppstilling og formasjonar skulle verte kjende for sin nederlandske motstandar dagen før kamp.

Tryggestad på sidelinja

Reidar Tryggestad, æresmedlem i AaFK

På sidelinja under treninga onsdag var Reidar Tryggestad

Foto: Arne Flatin / NRK

På sidelinja sat blant andre styreleiar i AaFK, Kjell Tennfjord, og æresmedlem og investor Reidar Tryggestad. Begge er svært spent før kampen.

Tryggestad mimrar tilbake til den tida det var nokre hundre tilskodarar på Kråmyra tog trekkjer linjene til dagens prestasjonar.

– Det avgjerande var flyttinga til nytt stadion, meiner han. Pengane og oppbygginga av klubben etter dette har vist at AaFK er for ein norsk toppklubb å rekne, meiner den gamle AaFK-helten.