Norsk Olje- og Petrokjemisk Fagforbund, NOPEF, hevdar regjeringa braut plan- og bygningslova då den ikkje utgreidde andre ilandføringsalternativ enn Aukra.
NOPEF meiner Tjeldbergodden blei forbigått.
Øverland viser til at Tjeldbergodden ikkje kunne konkurrere i pris.
Leif Sande har heile tida støtta Tjeldbergodden.
Leiaren støttar Tjeldbergodden
NOPEF er fagforbundet for tilsette i oljeindustrien, og leiar Leif Sande har gjennom heile prosessen hevda at Tjeldbergodden burde ha vore ilandføringsstaden for Ormen Lange gassen. Både Miljøverndep., SFT, Riksantikvaren og direktoratet for Naturforvalting ville også at Tjeldbergodden skulle utgreiiast. Olje- og energiminister - Einar Stensnees sa derimot nei. Øverland støttar avgjerda fordi Tjeldbergodden ikkje kunne konkurrere i pris med Aukra. Hadde Tjeldbergodden blitt vald framfor Aukra, hadde det ikkje blitt ilandføring i det heile tatt, men ei offshoreløysing, hevdar Øyverland.
-Tjeldbergodden var ikkje aktuell
Institutt for by- og regionsforsking, støttar NOPEF sin påstand om at plan- og bygningslova er brote med omsyn til at ein skal utgreie fleire alternativ. Øverland viser til at loven også presiserer at utgreiinga må vere av aktuelle stader, og at Tjeldbergodden ikkje var aktuell i det heile tatt.
NOPEF meiner at også Tjeldbergodden burde vore utgreia.