Hopp til innhold

- Kan auke interessa for norsk fotball

Fotballtrenar Åge Hareide trur tilsetjinga av Ole Gunnar Solskjær som manager i Molde kan auke interessa for norsk fotball. Hareide var trenar i Molde Fotballklupp då Solskjær spelte der.

Ole Gunnar Solskjær

Tilsetjinga av Ole Gunnar Solskjær kan auke interessen for norsk fotball, trur Åge Hareide.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Åge Hareide ser svært positivt på tilsetjinga av Ole Gunnar Solskjær. Han trur Solskjær kan vere med på å auke interessen for norsk fotball.

– Det er veldig, veldig artig for Molde fotballklubb først og fremst, men også for heile interessen for norsk fotball. Han har gitt oss ein viktig vitamininnsprøyting også, seier Åge Hareide.

– Han har ein plan

Ole Gunnar Solskjær har vore trenar for reservelaget til Manchester United. ut over dette har Solskjær lite erfaring som trenar.

Åge Hareide

Åge Hareide var trenar for Solskjær då han spelte i Molde.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

– Når Solskjær tek på seg eit trenarverv som dette, då veit han at han blir samanlikna med det han gjorde som fotballspelar. Kjenner eg guten rett er han veldig godt førebudd. Det var karakteristisk for han då han var spelar. Han har nok ein klar plan med det han går inn i, seier Hareide.

– Fryktar ikkje noko

Alle lag møter motgang før eller seinare. Det gjer dei fleste trenarane også før eller seinare i karrieren. Åge Hareide trur at Solskjær kjem til å takle eventuelle skjær i sjøen også.

– Når du vel å dra til Manchester United som ung spelar som har lukkast i Noreg, då vel du den største utfordringa som fins i verda. Eg trur ikkje han er redd for å ta noka som helst utfordring etter dette. Han kunne heilt sikkert ha lent seg tilbake og slappe av resten av livet. Han kunne ha hatt det godt utan å tenkje på noka fallhøgd. Eg er glad for at han tek denne utfordringa og bidrar med kunnskapen sin til norsk fotball og Molde fotballklubb, seier Hareide.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL