Hopp til innhold

- Ho blir nok mobba til døde

Den kvite skjorungen er av det sjeldne slaget. Ho er albino. Berre ei av 1800 slike fuglar blir fullstendig kvite. Men det er ein svart lagnad som møter dei fleste albinofuglane.

Albino skjor

Dei er søsken, men den eine er blitt albino. Det kan bety ei mørk framtid for den kvite skjora.

Foto: Svein Erik Busengdal

Like ved ungdomshuset «Breidablikk» i Stordal på Sunnmøre har det i årevis vore eit stort reir, der skjora har halde til. Folk som har følgt med dette skjorereiret i over 50 år, fortel at dei ikkje kan hugse at det har skjedd noko liknande i dette reiret før.

– Dei er ein søskenflokk på 4 skjorungar. Ein av skjorungane er heilt kvit, har lyst nebb og raude auge, fortel Stein Erik Busengdal, som har teke dette biletet.

Ein albinofugl som dette går ikkje noka lys framtid i møte. Han vil vere utsett for mobbing frå artsfrendane, og også rovfugl vil stille siktet sinn inn mot denne fuglen.

Vi kan ikkje sjå noko teikn til at ho blir mobba enno. Ho ser ut til å vere ein del av flokken, og kommuniserer med søskena sine. Men etter det vi veit om albinofuglar, så blir ho nok nådelaust mobba etter kvart, seier Busengdal.

Busengdal fortel likevel at det ikkje berre er fargen på fjøyrdrakta som er annleis enn på søskena. Det ser ut til albino-skjora er meir klumsete enn dei andre, og er mindre flink til å flyge.

Ho ser ut til å vere litt seinare i utviklinga enn dei andre. Men ho lagar vanlege skjora-lydar og ser ut til å kommunisere med dei andre, seier han.

Det er svært sjeldan at fuglar blir fullstendig albino. Og det må ligge føre ein heilt spesiell kombinasjon av arvestoff for at resultatet skal bli slik.

Begge foreldra må ha albinogenet i seg for at det skal slå gjennom. Vi får håpe skjora får leve opp. For det er no litt spesielt å ha ei heilt kvit skjor i bygda, seier Busengdal til NRK.