NRK Meny
Normal

- AaFK med god sjanse

Klubbdirektør Henrik Hoff meiner AaFK bør ha ein god sjanse til å avansere i Europaligaen i kveld.

Henrik Hoff

Henrik Hoff er optimist

Foto: Arne Flatin / NRK

AaFK tapte 2-1 i Budapest for ei veke sidan mot Ferencvaros, og kan dermed greie seg med til dømes 1-0 siger på heimebane torsdag kveld.

Fair sjanse

Klubbdirektør Henrik Hoff trur dei oransje har ein fair sjanse til avansement. Ferencvaros er eit godt teknisk lag som likar å halde ballen i laget.

Tempoet i kampen var ikkje spesielt høgt i over 35 grader i Budapest sist veke. Med 13-14 grader og kunstgrasbane vil nok tempoet verte langt høgre, og ikkje minst vil ballen gå fortare langs bakken. Det bør AaFK profitere på, meiner Hoff.

Han seier at Ferencvaros ikkje spelar på kunstgras i sin heimlege serie, og at laget knapt har prøvd seg på det underlaget som ventar i sunnmørsbyen i kveld.

AaFK-Neath FC

Her frå 1.kvalikrunde i Europaligaen mellom AaFK og Neath frå Wales.

Foto: Arne Flatin / NRK

I følge AaFK er det førehandsselt vel 4000 billettar til kampen. Det betyr rundt 4500- 5000 på kampen.

Henrik Hoff hadde håpt på både 7-8 eller 9 tusen i kveld, men så er han då også kjempeoptimist, som han uttrykker det. I den første kampen i kvalifiseringa mot walisiske FC Neath var det 3800 tilskodarar.

- Ferietid og dårleg ver får ta skulda for at det ikkje kjem fleire i kveld, seier AaFK-direktøren.