Til nrk.no
Bestemor:–Dei skal gifte seg!

Bestemor:–Dei skal gifte seg!

Timberlake og Biel er trulova

Skrevet av:
Publisert 19:00 7 januar, 2012

FRIDDE: Justin spurte Jessica (Foto: Scanpix)

Justin Timberlake og Jessica Biel skal gifte seg. Kjendisparet har haldt dette hemmeleg, men bestemora til Justin fortalte om trulovinga til radaronline.

Ho seier at paret trulova seg rett før jul, men ikkje kor dei gjorde det. Kjærleiksfuglane har vore saman i fire år, men skal me tru rykta har det ikkje alltid vore roseraudt. For snart eit år sidan slo dei opp, men det gjekk ikkje lang tid før dei fann kvarandre igjen. Det skriv VG.

Bestemora seier at dei ikkje har bestemt seg for kor bryllaupet skal vere, men at dei vurderer Memphis og Colorado.
mP3 gratulerer og håper at paret får ei vakker framtid!

No blir det nok ikkje meir flørting med denne dama:

Kva meiner du, kjem dei til å leve lukkeleg i alle sine dagar?

Tags: , , ,

Del "Bestemor:–Dei skal gifte seg!"