Til nrk.no
EKSKLUSIVT: Cascada til Tryvann

EKSKLUSIVT: Cascada til Tryvann

Sjekk artistane til dei største russetreffa.

Skrevet av:
Publisert 16:26 4 januar, 2012
Russen besøker studio! (Foto: NRK)

Russen vitjar studioet til mP3 på landstreffet i Stavanger 2011(Foto: NRK)

Til no har Landstreffet i Stavanger sloppe flest og dei største artistane. Dei kan lokke med blant anna Skrillex, LMFAO og Calvin Harris, men sjefen for landstreffet, Magnus Lund seier at russen har endå meir i vente.

 

– Me kjem til å sleppe nokre artistar i slutten av januar og starten av februar, og så har me releaseparty den 10. mars, og då kjem resten.

Lund seier at nesten alle artistane til årets treff er på plass, men at det framleis er lov å komme med ønske.

– Til no har me sloppe mest elektronisk musikk, fram mot treffet kjem me til å sleppe meir rock og hiphop, seier Lund og legg til at dei framleis har to headlinerar på lager.

Jarand Landmark frå ROK bekreftar til mP3 at Cascada og Bare Noize kjem til Lillehammer, men seier dei ventar med å sleppe dei største artistane.

ROK jobbar med både Landstreffet på Lillehammer og på Tryvann, Landmark seier at russen som skal til Tryvann kan vente seg ein internasjonal elektronisk artist i løpet av januar, men meir enn det vil han ikkje seie.

-Billettsalet til Tryvann og Lillehammer går veldig bra, men me er ikkje utselde heilt ennå, så det er framleis råd å få med seg dei russetreffa, seier Landmark.

Russetreffet i Stavanger vart utselt i august, men alt håp ikkje er ute.

– Russ som vil til Stavanger i russetida men som ikkje har billett til landstreffet kan melde seg på konkurransar på sidene våre, der kjem me til å dele ut fleire billettar fram mot treffet, seier Lund.

Madeon er ein av nykommarane som er booka til Stavanger, 17-åringen frå Frankrike har til saman nesten 10 millionar visningar på Youtube med låta Pop Culture der han samlar 39 av sine favorittlåtar i ein mashup.

Tags: , , , , , , ,

Del "EKSKLUSIVT: Cascada til Tryvann"