NRK Meny
Normal

Til MGP med hjelp frå kjærasten

Dina Misund ordnar det meste heilt sjølv, men når ho deltek i MGP er det med teksthjelp frå ein heilt spesiell person.

Dina Misund

Dina Misund deltek i Melodi Grand Prix med låten «Needs». Her saman med kjærasten og tekstforfattar Frode Bjørgmo Strømsvik.

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

Dina Misund (25) kjem frå Midsund kommune i Møre og Romsdal. I 2008 lanserte ho sin fyrste singel «This world» som blei lista på NRK P1. Dette bana veg for debutalbumet «Listen» som vart gitt ut i 2010 og som mellom anna kom inn på VG si albumliste. I vår er ho aktuell med nytt album, i tillegg til å vere ein av dei 15 artistane i MGP.

– Det blir forhåpentlegvis ein travel vår, seier Dina Misund.

– Han er utruleg flink med ord

I MGP deltek Misund med låten «Needs». Til den har ho henta hjelp frå sambuaren sin, Frode Bjørgmo Strømsvik, som til vanleg jobbar som lærar. Misund fortel at ho ofte nyttar kjærasten til teksthjelp.

– Han er flink til å skrive. Eg skriv også tekst på mine eigne låtar, men eg brukar lengre tid enn kva Frode gjer. Han er utruleg flink med ord.

Dina gir Frode ei slags bestilling og tankar om korleis songen skal vere. Han skriv eit utkast og så blir det ein del forandringar undervegs. Dina er oppteken av at teksta skal vere enkel.

– Tekst er utruleg viktig i ein låt. Det er viktig at orda samspelar med melodien, seier Dina.

Dina Misund og Kjærasten Frode Bjørgmo Strømvik.

Dina Misund saman med Kjærasten Frode Bjørgmo Strømsvik heime i sjøbua til Dina si familie.

Foto: Stine Holme / NRK

Inspirasjon finn Dina Misund overalt.

– Små kvardagslege ting, og ting som er annleis inspirerer meg.

– Eg skriv best i travle periodar. Då har eg ikkje så god tid til å sette meg ned med gitaren, men når eg fyrst får gjere det skjer det noko med meg. Eg blir kreativ og verdset kvart sekund eg får saman med gitaren min.

Inspirert av «Into the wild»

Dina Misund er aktuell i MGP

Dina Misund vert mellom anna inspirert av kvardagslege ting, naturen, eldre menneske og gamle hus. Her frå den gamle sjøbua heime i Midsund.

Foto: Stine Holme / NRK

Låten «Needs» laga Dina etter å ha sett filmen «Into the wild». Filmen handlar om den 22 år gamle Christopher McCandles som vel å reise ut i villmarka på jakt etter eventyr i staden for å leve eit privilegert liv i det materialistiske samfunnet vi lev i.

– Eg sat igjen med ein følelse som resulterte i ein song. Filmen «Into the wild» endar svært trist, seier Dina.

Filmen tek opp tema knyta til fridomskjensla, som også er tema i «Needs». Låten handlar om at ein ikkje kan kjøpe lykke. Dina meiner at vi alle kan verte meir bevisst på korleis vi vel å leve livet vårt.

– Ting i livet vårt er så nøye planlagt, og musikken i den filmen gav meg fridomskjensla som igjen gav meg inspirasjon til å skrive låten «Needs».

– Denne songen er ikkje eit rop ut til alle materialistiske personar, inkludert meg sjølv. For eg er kritisk mot meg sjølv også. Ingen er perfekt. Men vi må stoppe opp, og tenke litt på det livet vi lever.

Når Dina skal skrive ein song er det viktig å finne den riktige stemninga.

– Når eg lagar songar kjem ikkje songane medan eg sit på bussen eller er i butikken. Eg treng gitaren min, difor må eg vere heime i leilegheita mi, gjerne åleine og helst ha det heilt stille. Eg finn også best inspirasjon om kvelden. Då kan eg tenne stearinlys og skape det miljøet eg treng for å vere kreativ, seier Dina.

– Eg har to reglar

Dina seier det der fleire ting som skal harmonere når ho skal lage låtar. Melodien og teksta skal henge saman, men det er to ting ho er oppteken av.

– Eg har to reglar når eg skriv ein song. For det fyrste er det viktig at stemma mi kjem tydeleg fram, og at eg får vise at eg kan synge. For det andre må melodien vere fin i seg sjølv, utan at ein må legge mange lag på låten for at den skal bli fin, seier Dina Misund.

Dina Misund opptrer i den 1. semifinalen, 7. mars på Folketeateret. Er ho ein av dei tre som går vidare, får ho opptre i den store finalen i Oslo Spektrum 15. mars.

Rundt 200 millioner mennesker er samlet foran TV-skjermen når verdens største musikkshow sendes direkte fra Kiev i Ukraina. 26 land har kvalifisert seg gjennom to semifinaler, og møter forhåndskvalifiserte Storbritannia, Tyskland, Spania, Italia, Frankrike og vertslandet Ukraina. Norske kommentarer ved Olav Viksmo Slettan.
Laster innhold, vennligst vent..
Laster Twitter-innhold