Hopp til innhold

Smoking hot i finalen

Ein tradisjon blir broten laurdag kveld når Jenny Skavlan kastar glitter, tyll og silke til side – og troppar opp i smoking i MGP-finalen.

Jenny Skavlan og Erik Solbakken

BYTTE ANTREKK? Erik Solbakken stiller ikkje i kjole i MGP-finalen, men Jenny Skavlan skal opne showet i ein vaskeekte smoking.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK

I kveldens finale utfordrar Jenny Skavlan MGP-tradisjonen med å stille opp i bukse og dress på scena. Det er på grunn av følelsen det gir, fortel ho.

Menn kan, kvifor ikkje kvinner?

– Ein blir veldig påverka av kva ein har på seg. Dersom ein har på seg ein søt og jentete kjole, føler ein seg deretter. Eg føler meg skikkeleg bra i dress, og difor skal eg opne med dette i kveld, seier ho, og legg til at ein ikkje skal kimse av ein androgyn stil.

– Eg er veldig glad i den androgyne stilen, og syns jenter i dress gir den rette attityden, seier Jenny.

– Det finaste ein mann kan ha på seg er jo smoking, så eg meiner det er eit antrekk som er Melodi Grand Prix verdig, fortel ho.

Oppsiktsvekkjande stil

Det verserer alltid spekulasjonar rundt kva programleiaren skal ha på seg, og Jenny Skavlan er kjent for å vekke oppsikt med antrekka sine.

Saka held fram

Jenny Skavlan

FRÅ FEMININ TIL ANDROGYN: Sjølv om Jenny Skavlan skiftar tilbake til kjole i løpet av kvelden, syns ho det er gøy å kunne opne showet med smoking.

Foto: Truls Kleiven

I den siste delfinalen i Larvik hadde ho på seg ein omsydd brudekjole frå 1980-talet, og i den første delfinalen i Steinkjer vakte ho oppsikt på grunn av utringinga.

Kostymedesignar Lani Egede-Nissen var den som plukka ut smokingen, og seier ho ikkje har noko imot å gjere noko litt nytt.

– Eg syns det er kjempebra at vi utfordrar MGP-tradisjonen litt. Vanlegvis er det gallakjolar som går att i garderobane til MGP-programleiarar, men Jenny er ung og kreativ og kan faktisk sjå fantastisk ut i bukse, fortel ho.

Smokingen er kjøpt i London, og ved hjelp av kostymedesigneren er den tilpassa kroppen til Jenny, samt supplert med passande sko og øyredobbar.

Lani og Jenny var einige frå starten av at det er gøy å utfordre tradisjonane litt. Då Lani fann kjolen i London og tok den med tilbake til Jenny var det full einigheit om at denne skulle brukast.

– Vi var einige om at den var perfekt, og at det ikkje er noko i vegen med å utfordre MGP-dresskoden litt.

Kjem Erik i kjole?

Det einaste spørsmålet som gjenstår er om medprogramleiar Erik Solbakken då stiller i gallakjole.

– Hehe, han spøkte om det, men vi fann vel ut at det kanskje hadde vore å dra strikken ein smule for langt, ler Lani.

Det kjem til å bli eit klesskift i løpet av kvelden, og Jenny kjem til å skifte ut smokingen med ein litt meir MGP-tradisjonsrik kjole etter kvart. Lani trur og håpar at ein androgyn Jenny Skavlan i smoking får positive tilbakemeldingar.

– Det vil alltid kome litt blanda tilbakemeldingar når ein prøvar noko nytt, det handlar om smak og behag. Men det er ille dersom alle er like, og nytt er fint, syns eg. I tillegg sit smokingen som eit skot på Jenny, så eg er veldig fornøgd med valet, seier Lani.

Alt om: Melodi Grand Prix 2013