Hopp til innhold

– Det er litt freestyle over det eg gjer

MGP-aktuelle Martine Marbel kan sitte oppe heile natta for å lage musikk. Vi besøkte ho heime i leilegheita på Grünerløkka, sjå ho spele ein akustisk låt her.

Martine Marbel i leiligheten

Martine Marbel deltek i den andre semifinalen 8. mars med låten «Right Now». Her frå leilegheita der ho lagar mesteparten av musikken sin.

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

Martine Marbel platedebuterte med «Girl Can’t Swim» i fjor haust, og blei P3-lista med singelen «Get You». No er ho aktuell i Melodi Grand Prix med låten «Right Now». NRK.no møtte Martine heime i leilegheita der ho lagar mesteparten av songane sine.

– Å lage musikk er som å male. Sjå for deg eit måleri du skal male. Du ser kanskje for deg at det trengst eit fjell i bakgrunnen og eit tre ved sidan av. Slik er det for meg òg. Eg ser og høyrer kor melodien og teksta skal gå vidare.

«Right Now» har ho laga saman med Goran Obad. Låten blei skriven ei tid tilbake og har gått gjennom ein rekke forandringar.

– Vi har hatt mange rundar med låten og fiksa på den saman med produsent Anders Kjær. Eg har alltid likt denne songen. Den har noko ved seg som eg ville vise det norske publikum gjennom Melodi Grand Prix.

Tvingar fram tekst

Når Martine lagar musikk har ho ein eigen teknikk å lage songar på. Ho set seg ned framføre opptaksutstyret sitt i leilegheita si og tvingar seg sjølv til å improvisere tekst på ein melodi ho har i tankane saman med nokre akkordar ho synest er fine.

– No fekk eg inn orda; «I've been told». Det er ein fin plass å starte.

Og så startar ho å synge, og tryllar fram nokre strofer som om det allereie var ein ferdig song.

– Det er slik at ein ikkje kan vere redd for å gjere feil. Det er ikkje slik at songen blir ferdig med ein gong. Ein skal ikkje avbryte den kreative flyten. Eg kan gå inn og rette på ting etterpå. Eg har ledd ganske mykje av meg sjølv når eg sit og improviserer tekst på denne måten. Av og til har eg tenkt; Herregud, dette kan eg verkeleg ikkje spele for folk. Dette blir for drygt.

– Det er litt som med freestyle rap. Der diktar dei tekst og rimar undervegs. Det er vel litt same greia eg gjer. Det funkar for meg.

Sjå Martine Marbel spele låten «Painkiller» frå debutalbumet her:

Martine Marbel spiller låta si "Painkillers" hjemme i leiligheten.

Sjå Martine Marbel spele låta «Painkiller» for NRK.no heime i leilegheita på Grünerløkka.

Martine fekk sitt fyrste keyboard som barn. Etter kvart som ho vart eldre fekk ho seg piano og tok pianotimar. Tangentane har fylgt ho gjennom heile livet.

– Eg har prøvd meg på gitar, men det er liksom tangentane som er mi greie.

– Klarer ikkje skrive når eg er glad

Martine Marbel lagar musikk innanfor elektropop-sjangeren, men har vore både innom R&B, soul og pop.

– Eg føler dessverre ikkje for å skrive songar når eg er glad. Då blir det ofte berre tull. Men når eg er lei meg, føler meg trist og har ein melankoli i meg, då skriv eg best, og får fram dei finaste låtane som eg er nøgd med.

Martine Marbel finn inspirasjon av ting rundt seg. Som til dømes den gongen ho skulle på date med ein svensk gut som ikkje møtte opp. Ho blei skikkeleg sint, og skreiv ein sms med orda «Du bruker min tid og min tålmodighet». Dette resulterte i ein låt som fekk namnet «Mad of time».

– Det er herleg å skrive fjasete låtar, men den skreiv eg fordi eg var så utruleg forbanna. Eg har skrive når eg har kome heim frå byen også, men det er berre tull. Det er litt som å vakne opp dagen derpå og sjå seg i spegelen og tenke «Herregud, kor du ser ut!».

– Eg er ei jente med kjenslene utanpå

Martine er eit B-menneske og skriv aller best om kvelden, forklarar ho. Gjerne mellom klokka 23–02.

– Eg må spele litt stillare og synge litt lågare om kvelden og natta, enn om dagen. Eg vil jo ikkje ha sure naboar. Eg likar å sitje her heime. Då kjennest det ut som eg leikar meg og er ikkje så redd for å gjere feil.

Det kan ha sine bakdelar ved å arbeide heime i si eiga leilegheit.

– Ofte når eg sit om kvelden kan eg høyre på opptaket at vaskemaskina går i bakgrunnen, men slik er det når ein sit heime og lagar musikk.

– Dette er min måte å snakke på. Eg er ei jente med kjenslene på utsida. Dei kjem veldig tydeleg fram, og eg skriv for å halde «hode over vatnet». Det er terapi for meg å skrive, sjølv om det er så innmari klisjé å seie, men det er verkeleg det. Det er ein utruleg tilfreds følelse å skrive ein låt. Eg får uttrykt ting eg tenker på, gjennom ord og musikk.

Martine Marbel deltek med låten «Rigth Now» i den andre semifinalen, laurdag 8. mars. Går ho vidare til finalen skal ho opptre 15. mars i Oslo Spektrum.