NRK Meny
Normal

Kven er mest nervøs?

VIDEO: Den tredje og siste delfinalen nærmar seg med stormskritt. Nokre artistar er meir nervøse enn andre for korleis dette skal gå.

Det er ein samansett gjeng som skal i bresjen på MGP-scena i Larvik i kveld. Bak scena virrar det rundt ei salig blanding av kostyme, glitter, glamour og dødningshovud.

– Håpar eg klarer å synge fint

– Vi har ladda opp til kvelden med finsk badstue, fortel Gothminister som står for dødningshovuda som skal på scena denne kvelden. Bak dei kvit- og svartmalte ansikta i industrimetall-bandet er det lite nervar å skimte, i motsetnad til bak Gaute Ormåsen sine blå auge.

– Eg er nervøs. Eg håpar eg klarer å synge fint. Eg kan ikkje tilgi meg sjølv om eg ikkje syng bra i kveld, og håpar at folk likar innslaget mitt, fortel ein litt prega Gaute Ormåsen.

Sirkus Eliassen derimot er mindre nervøse for kor det skal gå, og meir glade for å få lov til å vere her i det heile tatt.

– Vi føler oss levande. Dette blir artig, det er ikkje mange artistar som får oppleve dette så vi kjenner oss heldige, fortel gutane i Sirkus Eliassen.

Utolmodig Anina

I løpet av dagen har artistane hatt lydprøver og brukt tida på å varme opp. Men no må tida gå litt fortare, meiner artisten Anina.

– Eg gler meg ekstremt mykje til å gjere det på ordentleg i kveld. Eg vil det skal skje med ein gong, fortel ho.

Sjå video øvst i artikkelen

Rundt 200 millioner mennesker er samlet foran TV-skjermen når verdens største musikkshow sendes direkte fra Kiev i Ukraina. 26 land har kvalifisert seg gjennom to semifinaler, og møter forhåndskvalifiserte Storbritannia, Tyskland, Spania, Italia, Frankrike og vertslandet Ukraina. Norske kommentarer ved Olav Viksmo Slettan.
Laster innhold, vennligst vent..
Laster Twitter-innhold