Hopp til innhold

Alt du treng til fyrste Eurovision-semifinale!

Kven deltar og korleis stemme? Slik følgjer du tysdagens Eurovision-semifinale!

Subwoolfer

Noregs håp er dei gule, dansande ulvane «Subwoolfer».

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

I kveld er den fyrste semifinalen i årets Eurovision Song Contest.

«Subwoolfer» er blant dei som må bevise at dei fortener ein plass i finalen fyrstkomande laurdag.

I tillegg til Noreg deltar 15 andre land i den fyrste semifinalen, der dei ti fyrste plassane kvalifiserer seg til finalen.

Showet blir opna av Albania med artisten. Noreg og dei gule ulvane er nest sist!

Norske Amanda Tenfjord står også på scenen. Ho representerer Hellas.

Amanda Georgiadi Tenfjord

Amanda Tenfjord i forkant av årets fyrste semifinale i Eurovision.

Foto: KOSTAS KARYDAS

Slik stemmer du

Norske sjåarar kan berre stemme i semifinale 1. Ein kan stemme ved å ringe 829 69 6 og deretter taste deltakarnummer. Eller ved å sende SMS til 26400 med deltakarnummer. Stemmene frå TV-sjåarar og fagjuryar i kvart land tel 50 % kvar.

I tillegg er stemmeskjema ein klassisk gjengangar når det kjem til Eurovision.

I skjemaet står artistane oppført i den rekkefølga dei opptrer i.

Her kan du fylle inn dine poeng etter kvart som artistane har framført sitt nummer, og du kan gi poeng på alt frå sceneshow til styling.

Kvar kan ein følgje finalen?

Marte Stokstad

Marte Stokstad er Noregs Eurovision-kommentator.

Foto: Julia Marie Naglestad

Sendinga blir vist direkte på NRK1 og NRK TV frå klokka 21:00. Norske kommentarar er ved Marte Stokstad.

NRKs sending er også tilgjengeleg i utlandet på MGPs nettside.

Les også: Disse er Norges konkurrenter i Eurovision 2022

Subwoolfer i MGP2022
Subwoolfer i MGP2022

Les også: Trosser Asperger-diagnosen på Eurovision-scenen

Sheldon Riley representerer Australia i ESC
Sheldon Riley representerer Australia i ESC

Aktuelt på MGP

Ukraina vann Eurovision

Ukraina vann Eurovision