Slik stemmer du!
Du kan stemme opp til tjue gongar på kvart bidrag.
For å stemme, ringjer du 829 69 6XX (pluss talet på den du vil stemme på). Eller så kan du sende SMS til 26400 med talet på den du vil stemme på.
Det vil seie at viss artistnummeret er 2, så stemmer du ved å ringje 829 69 6 02 eller sender ein SMS til 26400 med teksten 02.
Du kan også stemme i den offisielle Eurovision Song Contest-appen, der du også kan gi digital applaus.
Kvar stemme, både via telefon og app kostar fem kroner, og du kan ikkje stemme på Noreg.
Sjå rekkefølgja på artistane under:
Stemmeskjema
Ein klassisk gjengangar når det gjeld Eurovision.
I skjemaet står artistane oppført i den rekkjefølgja dei opptrer i, i tillegg til stemmeinformasjonen.
Her kan du fylle inn poenga dine etter kvart som artistane har framført nummeret sitt, og du kan gi poeng på alt frå sceneshow til styling.
Marte Stokstad er Eurovision-kommentator.
Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK- PDF-versjon:
- WORD-versjon:
Sjølve finalen blir sendt direkte på NRK1, i NRK TV og på radio NRK P1 frå klokka 21:00. TV-sendinga blir kommentert av Marte Stokstad som debuterte som Eurovision-kommentator i fjor.
Opplading frå klokka 18
Men Eurovision-festen startar allereie klokka 18:00 med Marit Sofie Strand og Jon Marius Hyttebakk. Direkte på P1 og NRK.no inviterer dei deg som ser og høyrer på til å vere med i chat og på SMS for å diskutere, føle og meine.
– Ein kan sjå fram til ein heidundrandes Eurovision-fest utan sidestykke! Kleskoda er glitter og paljettar, medan vi speler den beste Eurovision-musikken. Dette er den beste staden å lade opp til årets store musikkfest på, seier Hyttebakk.
Marit Sofie Strand og Jon Marius Hyttebakk er klare for Eurovision!
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK– Diskuter dine favorittar, still spørsmål og del korleis ESC-feiringa di ser ut! Vi gler oss til å snakke med dykk der heime, fortel Strand.
TIX og Hanne Krogh på besøk
Det blir også konkurransar, der premien er billettar til neste MGP-finale. I tillegg skal Strand og Hyttebakk kommentere den store finalen på radio.
– Når han er slutt fortettar jaggu festen med nachspiel-sending med endå meir musikk, tankar og kjensler både på nrk.no og P1.
I løpet av sendinga ringer dei opp til Subwoolfer i Torino, som skal gje siste statusrapport før finalen.
– Det blir spennende om dei gule ulvane har nerver eller om bananar kurerer alt, undrar Hyttebakk.
I tillegg kjem Noregs falne engel TIX som nettopp er tilbake frå Torino.
TIX under Eurovision-finalen i 2021
Hanne Krogh (t.h) og Elisabeth Andreassen vann Eurovision-finalen i 1985.
Anna-Lisa Kumoji på scena under årets MGP.
– Han skal vere med å diskutere årets låtar saman med Hanne Krogh og Anna-Lisa Kumoji, fortel Strand.
Den ferske P3morgen-reporteren og det musikalske geniet Egil Skurdal er også med til å improvisere fram ESC-låtar ut frå forslag i chatten frå dei som lyttar og ser på.
– Det er mykje å sjå fram til!
– Full overtenning
ESC-duoen er ikkje i tvil om kva dei gler seg mest til:
– Det blir å kjenne på det store gledesruset! No er det berre sommarfugl-larvar i magen, men idet klokka blir 18:00 blir det full overtenning!
– Det ein stor draum å kunne kommentere finalen, og det å kunne gjere det med Marit gjer dette til ein draum som går i oppfylling! understrekar Jon Marius.
Også for Marit Sofie er det å kommentere finalen noko ho har drøymt om lenge:
– Plutseleg står vi her i år og skal følgje lyttarane gjennom den store finalen! Det er ei stor ære.
Marit Sofie Strand, Jon Marius Hyttebakk og og produsent Kathrine Baldishol gler seg til sending.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK– Og eg gler meg til ein heil kveld med Eurovision-fest saman med dei der heime og ikkje minst dei fantastiske gjestene vi har fått med oss!