Kommunen vedtok å heie på Fjellfolk

Då Fjellfolk kom vidare til finalen i MGP, kalla ordføraren i Bykle kommune inn til ekstra formannskapsmøte. Der blei det vedteke at bygda skal til Oslo for å heie fram dei lokale heltane.

Fjellfolk

AMBASSADØRAR: Trym Bjønnes og Helga Jacobsen i Fjellfolk hadde aldri forventa at heile bygda skulle mobilisere slik då dei kom vidare til finalen.

Foto: Susanne Egset / NRK

– Søndagen etter Fjellfolk kom vidare i delfinalen i Florø samla vi formannskapet i kommunen. Der vedtok vi å sette opp bussar og kjøpe inn billettar slik at innbyggjarane kan få vere i salen, seier ein stolt ordførar i den vesle fjellbygda Bykle i Setesdalen.

Laurdag er det klart for finale, og etter kommunen sitt vedtak får innbyggjarane i Bykle dermed sjansen til å få ta del i MGP-eventyret på nært hald.

Kjøpte billettar til heile bygda

Ordførar Jon Rolf Næss var ein av fleire i Bykle som benka seg framfor storskjermen på det lokale grendehuset, då Fjellfolk deltok i delfinalen i MGP i Florø. Då det blei klart at Fjellfolk kom vidare til sjølve finalen, var det tid for å mobilisere vidare.

Saka held fram under biletet

Kommunestyremedlemar i Bykle

PÅ GRENDAHUSET: Tre glade kommunestyremedlemmar vitna på storsjerm at Fjellfolk kom vidare frå Florø. Frå høgre: Ordførar Jon Rolf Næss, Espen Mikkelsen og Bjørn Einar Andersen.

Foto: Nina Skiftenes

– Vi har sett opp to bussar og reservert billettar, og så langt er det 116 personar som er meldt på, fortel han.

I tettstaden Bykle finst det rundt 200 innbyggjarar, og dei som reiser utgjer dermed ein god prosentdel av dette.

Reiser til Sverige om dei vinn

– Det er så flott at eit så ektefølt og dyktig lokalt band er kome så langt, og dette er eit veldig godt høve for oss medbygdingar å dra av garde og gjere noko gøy saman, fortel ordføraren, som sjølv var ivrig på å stemme fram Fjellfolk til finalen.

– Vi var alle veldig ivrige på stemmetasten under delfinalen. Eg kjem også sjølvsagt til å stemme på dei i finalen, og dersom dei kjem vidare til Sverige skal vi sjølvsagt mobilisere bygda over landegrensa også, seier han vidare.

– Aldri sett føre meg ei slik mobilisering

Då medlemmen i Fjellfolk fekk vite at sjølvaste formannsskapet i kommunen hadde ekstramøte på ein søndag i deira ære, skjønte dei at det var alvor.

– Det første som møtte oss på hotellrommet etter at vi var ferdige i delfinalen i Florø, var ei flaske sjampanje og ei helsing frå kommunestyret. Vi tenkte at det kom til å bli ein snakkis heime, men ei sånn mobilisering hadde eg aldri sett føre meg, seier Trym Bjønnes.

Bygda reinska for bunader

Trym og Helga i Fjellfolk

OVERVELDA: Trym Bjønnes og Helga Jaobsen er overvelda av den store støtta dei får heimanfrå, og gler seg til å sjå ein sal full av setesdalbunader i finalen.

Foto: Susanne Egset / NRK

Reaksjonane heimafrå har ikkje late vente på seg, fortel dei. Fleire sambygdingar har varsla at dei kjem til å stille i setesdalsbunad under finalen, noko Trym gler seg til å sjå når han står på scena i finalen saman med Helga Jacobsen og Tor Hoslemo.

– Heile bygda vår er reinska for setesdalsbunader. Dei som ikkje har bunad sjølv har fått lånt av andre, seier han.

Frå ungdomsskulen til eldreheimen

Helga jobbar til dagleg som fagleiar i kulturformidlinga i kommunen, og er glad for at deltakinga i MGP har klart å samle folk.

– Det er ikkje alltid så lett å samle alle, spesielt ungdommar. Men dette har verkeleg gjort susen. Det er blitt sponsa ungdomsbillettar, og alle på ungdomstrinnet kjem for å sjå finalen i Spektrum. Alle hjelper kvarandre, og det er så flott, fortel ho.

– Det er faktisk heilt overveldande. Eg hadde aldri forventa denne graden av engasjement, og det er så flott at det endeleg skjer noko som treff alle heime, fortel ho.

Også på eldreheimen har suksessen til Fjellfolk vekkt oppsikt.

– Dei eldre kjenner godt til soga om Ulvetuva som teksta i songen er basert på. Den gamle norsklæraren min har vore der for å lese opp teksta for dei, og dei er veldig begeistra, fortel Trym.

Får folk til å besøke Ulvetuva

Ulvetua

ULVETUA: Her er staden der historia i låta til Fjellfolk utspelar seg. Takka vere Fjellfolk skal fleire sambygdingar ta turen opp dit til våren.

Foto: Åmund Nesland

Gjengen i Fjellfolk har fått høyre at låta deira har inspirert folk til å, nettopp, gå på fjellet.

Ulvetuva er ein stad oppe på fjellet over Bykle. Staden er merkja av på kartet, og blir markert ved ein stein som fortel historia om Ulvetuva, som Fjellfolk syng om i låta si.

– Fleire har fortalt oss at dei må ta seg tur opp til Ulvetuva etter at soga har blitt så populært gjennom låta vår. Det er veldig gøy, seier Trym.

Som ekte fjellfolk går også medlemmane i Fjellfolk mykje på fjellet. På vinteren står dei på ski. Det tredje medlemet av gruppa, Tor Hoslemo, kunne ikkje møte til intervju fordi han hadde brukt heile natta på å trakke skitraseen på det lokale skisenteret, ein fem timers køyretur frå Oslo.

– Tor er odelsgut og arbeidskar, og kom rett til Oslo frå trakkemaskinkøyring på skibakken. Eg får diverre ikkje tak i han i dag. Han søv nok, seier Trym.