Hopp til innhold

Jenny Skavlan i brudekjole på MGP

Kveldens antrekk for programleiar Jenny Skavlan er ein omsydd brudekjole frå 80-talet ho har funne på Fretex som ho aldri hadde funne på å bruke i sitt eige bryllaup.

Jenny Skavlan hadde aldri brukt denne 80-talskreasjonen som brudekjole sjølv, men visste då ho fann den på bruktbutikken Fretex at den kunne bli noko meir enn berre eit symbol på ein svunnen brudestil.

Jenny Skavlan i MGP-kjole

KLIPPE AV: Den lange brudekjolen er blitt kortklipt.

Foto: Herman Dreyer / NRK

– Eg var på hovudlageret til Fretex og fekk med meg nokre kjolar derifrå, deriblant denne brudekjolen. Eg visste ikkje då kva eg skulle bruke den til, men eg skjønte den kunne bli til noko, seier ho.

Perler på perler på perler

Det var ikkje puffermane og kjolelengda som gjorde at Jenny fell for akkurat denne brudekjolen, men detaljane.

– Det var mengda av detaljar, perler og blonder eg la merke til. Vi har lagt på ganske mykje meir som gjorde at eg såg denne kunne gjere seg godt på ei så stor scene som Melodi Grand Prix.

Jenny Skavlan har eit svakt punkt for brukte kle. Ho fortel at ved å velje brukt og sy sjølv, får ein kle som ingen andre har, og ein får det akkurat slik ein vil ha det.

Håpar nokon med hockeysveis melder seg

Jenny Skavlan har eit håp om at nokon som sit heime kanskje sperrar opp auga og kjenner den att frå eit gamalt brudebilete på peishylla.

– Eg håper inderleg at nokon kjenner att kjolen, at nokon har eit brudebilete på veggen av ein mann med hockeysveis og ei brud med kreppa hår rosa leppestift og akkurat denne kjolen, fortel ho.

Ho seier den gamle brudekjolen som blei ny er eit fint symbol for det sjølve Melodi Grand Prix står for.

Saka held fram under biletet

Jenny Skavlan i MGP-kjole 3

OPEN RYGG: Kostymedesigner Lani Egede-Nissen totalforandrar kjolen som Jenny Skavlan skal ha på seg under den siste MGP-delfinalen laurdag kveld.

Foto: Herman Dreyer / NRK

– Det er for det første kult å vise kva ein kan gjere av ting ein finn på Fretex. I tillegg er heile Melodi Grand Prix er eit program som vidarefører tradisjonar. Det er eit gammalt konsept og då er det gøy å kunne ha på seg eit plagg med litt historie, seier ho.

Fornøgd kostymedesignar

Prosessen med å gjere om ein gammal brudekjole til noko heilt nytt, har vore både gøy og litt av ei utfordring, ifølgje kostymedesignar i NRK Lani Egede-Nissen.

– Det er utruleg gøy å bruke noko som i utgangspunktet har vore noko heilt anna, og å gjere det om til noko nytt. Vi har gjort om heile designen på kjolen, så det er ikkje noko likskap frå utgangspunktet anna enn at stoffet er det same, seier ho.

Lani er kostymedesignar for Jenny under Melodi Grand Prix, og seier at alt ikkje har gått heilt som planlagt.

– Endringar skjer gjerne undervegs, men designmessig så har eg ei viss aning eller eit ønske om korleis eg vil ha det. Men det blir klart ein del forandringar undervegs dersom strukturen på stoffet ikkje fungerer, eller at vi forandrar meining, fortel ho.

– Såg heilt feil ut

Vibeke Ringsbu, kostymemaker NRK

SYDDE OM: Kostymemakar i NRK, Vibeke Ringsbu fortel at det var ein spennande prosess å sy om kjolen som Jenny Skavlan skal bruke under MGP-delfinalen i Larvik.

Foto: Susanne Egset / NRK

Vibeke Ringsbu er kostymemakar i NRK, og har vore med på omsyinga av brudekjolen. Ho forklarar at prosessen har vore svært spennande, men ikkje alltid like enkel.

– Det var i utgangspunktet ein 80-tals brudekjole. Den var ekstrem, med paljettar, blonder og perler som hang, og den var veldig lang. Kjolen var minst fire storleikar for stor for Jenny, med gigantiske breie skuldrer, og det såg heilt feil ut på ho, seier Vibeke.

– Men vi såg potensialet i den. Vi klipte kjolen kort, sydde den kraftig inn og måtte omforme dei puffete skuldrene heilt, forklarar ho. Og det var ikkje utan utfordringar at ei ny kjole blei til med ein 80-tals brudekjole som utgangspunkt.

– Halsen var eigentleg open, men vi lagde ein blondehals av stoff som vi klippte vekk. Det var ei stor utfordring fordi kjolen hadde open rygg. Kjolen hadde også i utgangspunktet opne armar, og dei har vi beheldt men sydd inn.

Enten kult eller rart

– Vi har klipt vekk masse perler, det ser kanskje ikkje slik ut på det ferdige produktet for der var så utruleg mange, seier Vibeke, og meiner at særleg storleiken og alle perlene skapte litt hovudbry undervegs.

– Ein kjole som er så mykje for stor er ei massiv utfordring, i tillegg til at det var så mange paljettar og perler som måtte takast omsyn til i prosessen, fortel ho.

Den ferdige kjolen har kome ein lang veg frå utgangspunktet etter at Jenny, Lani og Vibeke gjekk laus på den, og ifølgje Vibeke er den blitt omgjort til det ugjenkjennelege.

– Eg lurer på om vedkommande som brukte den på bryllaupsdagen sin kjem til å kjenne den att, undrar ho.

– Jobba litt i blinde

Som kostymemakar i NRK jobbar Vibeke kvar dag med både små og store oppdrag, og seier dette heilt klart er eitt av dei meir spennande oppdraga ho får.

– Det er kjempegøy å jobbe med slike ting. Vi såg ikkje heilt føre oss sluttproduktet då vi starta, men vi kom fram til løysingar undervegs i prosessen, seier ho og legg til at det var spanande å sjå korleis det kom til å ende opp.

– Vi har jobba litt i blinde, og det var ei fin overrasking når vi såg at kjolen enda opp med å bli fin, seier ho.

Men Vibeke vedgår at det er ikkje kven som helst som kan ha på seg ein slik kreasjon.

–Jenny gjer verkeleg kjolen. Det er ikkje kven som helst som kan bere den, seier ho.

Ho får støtte frå kostymedesignar Lani.

– Eg trur kjolen kjem til å vekke oppsikt, for den har det vesle ekstra. Og den sit som eit skot på Jenny, den er jo skreddarsydd i ordets mest bokstavlege meining, og ingenting er betre enn det, seier ho.

Kven gifta seg i den?

Alle tre håpar nokon vil dra kjensel på kjolen når Jenny har den på seg under MGP-delfinalen laurdag kveld, sjølv om det kan vere vanskeleg ettersom den er blitt totalt forandra. Heldigvis til det betre, ifølgje Jenny Skavlan:

– Kjolen blei enda finare enn eg hadde sett for meg. Desse jentene er så flinke at det har vore ei fryd å få lov å vere med på det, med all den kunnskapen dei har om sying og design.