NRK Meny
Normal

– Alle fortener å stå i konfettiregn på MGP-festen

På MGP-festen skal det glitre. Det er ikkje kvelden for neddempa kos, seier Ingeborg Heldal. Her gir ho sine tips for ein vellukka MGP-fest.

Ingeborg Heldal

For Ingeborg Heldal er det kun stettglas som gjeld når ein skal feire Melodi Grand Prix.

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

Side 2-redaktør og MGP-entusiast Ingeborg Heldal elskar Melodi Grand Prix. I 2001 var ho vertinne då Tromsø gav sine stemmer i MGP, og i fjor var ho i ekspertpanelet til «Adresse Malmø», der ho saman med blant andre Vivi Stenberg uttalte seg om alle ESC-bidraga.

Ingeborg har klare meiningar om korleis ein skikkeleg MGP-fest skal arrangerast.

– Eg har nesten litt for mange paljettkjolar. Det er nesten så ein blir litt kvalm, men for å få den beste MGP-festen må ein tenke glamour, og skape ein kveld som skil seg ut frå andre kveldar.

Ingeborg Heldal

MGP-festen må vere glamorøst og dekadent, nesten litt på kanten. Antrekket og festen må glitre, seier Ingeborg og viser den rosa paljettkjolen ho brukte då Didrik Solli-Tangen dusja i gullregn i 2010

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

Vi ba Heldal gi oss sine beste tips for korleis ein arrangerer den ultimate MGP-festen:

  • Joggebukse funkar ikkje

Johnny Logan

Johnny Logan berørte mange kvinnehjarte på 80-talet i sine tidsriktige antrekk.

Foto: Skjermdump

Heldal meiner at folk i Norge pynter seg alt for lite, noko som ikkje passar i Melodi Grand Prix.

– Norge har godt av ein dose med glamour. Det er morosamt å pynte seg. Gjerne med ein paljettkjole som lagar ein høgtidleg følelse av at noko stort er på gong, seier ho.

Det er kanskje lettare for damene, men Heldal har også eit forslag til kva mannfolk som skal delta på MGP-festen kan kle seg i.

Cliff Richard synger Congratulations i 1968

Cliff Richard i moteriktig dress, då han deltok med «Congratulations» i 1968.

Foto: NRK

– Det er jo mulig å gå for ein vintage look, og kle seg som Cliff Richard eller Johnny Logan, slik dei var i sine glansdagar då dei deltok i Melodi Grand Prix. Det er berre fantasien som set grenser.

Heldal synes at ein må gå «all in» når ein kjem til antrekket for ein skikkeleg festaftan.

– Når åpningvingnetten kjem så kan ein ikkje stå med eit glas i handa og vere ikledd ei joggebukse. Det fungerer berre ikkje. I år trur eg kanskje eg skal ta på meg den rosa paljettkjolen som eg brukte då Didrik Solli-Tangen dusja i gullregn på Telenor arena i 2010.

  • Ver kritisk til gjestelista

Det som kanskje er det aller viktigaste ein må tenke på når ein skal lage MGP-fest er å vite kven som skal kome på festen.

– Gjestelista er kjempeviktig. Dette er ikkje kvelden der ein nødvendigvis samlar dei same folka som du inviterer på bursdagsfesten, seier Ingeborg med eit smil.

– Det er viktig å invitere dei som er like entusiastisk for MGP som deg sjølv. Love it, or leave it.

  • Dropp fancy mat

Ingeborg meiner ein bør prioritere kva som er i glasset på ein MGP-kveld. Ho synest det beste er om gjestane kjem mette og klare for fest. Snacks som potetgull, druer og smågodt fungerer veldig bra.

Det er trass alt fokuset på TV-skjermen som er det viktigaste.

– Ein gong laga eg fingermat for 40 personar. Den feilen gjer eg ikkje igjen. Eg rulla røykelaks til eg fekk klør i fingrane. Det er viktigare å lakke negler enn å fikse lakserullar, seier Ingeborg Heldal.

Når det kjem til å servering av drikke har Ingeborg eit klart svar på kva som er det viktigaste.

– Sjølv har eg ein svakheit for gamle champagneglas som eg samlar på, men ein treng jo ikkje dei dyraste glasa. Men det må vere stett. Det er viktig. For på ein slik kveld drikk ein champagne, og då er det stettglas som gjeld, seier Heldal.

Ingeborg Heldal

– Det er viktig å pynte seg, seier Ingeborg og legg på eit nytt lag med lipgloss.

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK
  • Skjema er viktig, men kan fort bli litt styrete

– Ein god MGP-fest har stemmeskjema og kriterier ein må fylle ut for kvar song. Det er alltid med på å skape god stemning, sjølv om det mot slutten kan gå litt ut av kontroll, meinar Heldal.

– Det kan vere styrete å fylle ut ting. Men det er fint å ha skjema der ein gir poeng for låt, sceneantrekk, show og utstråling. Ja, det er fantasien som set ein stoppar for kva ein kan gi poeng for. Det er jo kult å ha nokre morosame kriterier også.

  • Last ned stemmeskjema her

Musikksmak er subjektiv og kan føre til diskusjonar. Dessutan kan boblene i glaset sette diskusjonen i høggir.

– Ikkje bruk dei finaste stettglasa, for ein må kanskje rekne med eit stettglas i golvet, seier ho.

  • Ver blid og kom presis!

Sjølv om det er lov å diskutere, er det viktig å ikkje bli MGP-politi som sit og surmular i sofaen.

– Aller største fy-fy er å bli ein gnurebokk som sit og kritiserer og spreier dårleg stemning. Det er sjølvsagt lov å kike på MGP med ironisk distanse. Moldova i ESC-finalen 2010, med låten «Run Away», sette djupe spor i meg. Eg gløymer aldri saxofonmannen som stod og jukka med heftige hoftebevegelsar. Slikt er det lov å le av, men eg orkar ikkje eit MGP-politi som sit i mi eiga stove og sprer negativ energi. Då få dei halde seg heime.

Ein annan viktig regel er å kome presis til TV-sendinga.

– Det å kunne stå saman og høyre fanfara, og kjenne på stemninga frå fyrste stund er viktig. Ein ramlar så fort ut om ein ikkje ser alt. Då manglar ein referansen til samtalane rundt sendinga. Difor: Ver blid. Kom presis!

  • Alle fortener å stå i konfettiregn

Heime hos Ingeborg er det pynta både til kvardag som til fest, med prismekrone, leopardputer, gullpuff og bilde av rock- og punkband på veggane. Ho pyntar ikkje noko spesielt meir til ein MGP-fest, seier ho.

– Men eg har fått så sjukt dilla på ballongar om dagen. Så eg trur nok eg kjem til å pynte med ballongar i fargane rosa og sølv, som kan henge i taket med ei snor. Eg treng 15 heliumsballongar og konfettikanon. Då er eg klar.

Det at det blir mykje å rydde opp dagen derpå bryr ho seg ingenting om.

– Eg er ikkje oppteken av at alt skal vere så praktisk. Eg er meir oppteken av at det er fint der og då.

– Det er ein heilt eigen følelse å stå i konfettiregn. Det unner eg alle å få oppleve.

Ekspertpanel: Adresse Malmö 2013

Ingeborg var ein del av Adresse Malmö i fjor. Saman med Elisabeth Andreassen, Ronny Brede Aase, programleder Jenny Skavlan, Vivi Stenberg, Didrik Solli-Tangen og Tarjei Strøm gav dei sin dom over musikkbidraga i ESC 2013.

Foto: Julie Naglestad / NRK

Finalen sendast på NRK1, direkte frå Oslo Spektrum klokka 19:55

Rundt 200 millioner mennesker er samlet foran TV-skjermen når verdens største musikkshow sendes direkte fra Kiev i Ukraina. 26 land har kvalifisert seg gjennom to semifinaler, og møter forhåndskvalifiserte Storbritannia, Tyskland, Spania, Italia, Frankrike og vertslandet Ukraina. Norske kommentarer ved Olav Viksmo Slettan.
Laster innhold, vennligst vent..
Laster Twitter-innhold