NRK Meny
Normal

No inntek house-musikken MGP

TIMBRE & Frikk Heide-Steen feat. Ida Stein skriv historie i årets MGP med house-låta «Frozen by your love».

TIMBRE & Frikk Heide-Steen feat. Ida Stein.

TIMBRE & Frikk Heide-Steen feat. Ida Stein deltek med låta «Frozen by your love» i den fyrste semifinalen 7. mars.

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

21 år gamle Anders Grindheim Bratterud, betre kjent som TIMBRE, gjer noko heilt nytt i MGP-samanheng, når han no deltek med låta «Frozen by your love». Med seg på laget har han Frikk Heide-Steen (25) og Ida Stein (21).

– Vi er utruleg spente på mottakinga av låta, det er heilt nytt å ha med house i Melodi Grand Prix, seier Frikk Heide-Steen.


Musikkansvarleg i MGP, Vivi Stenberg, trur det norske publikum er klare for meir house og elektronisk musikk i MGP.

Vivi Stenberg

Vivi Stenberg trur at publikum er mottakelege for det fyrste meir eller mindre reindyrka house-nummeret i MGP-historia.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

– For meg er det viktig at musikken som får plass i MGP speglar musikken vi kjøper, lastar ned og høyrer på. I dei siste åra har skandinaviske house-aktørar prega, og tidivs dominert vestleg popmusikk, enten på eigne bein eller gjennom samarbeidsprosjekt med artistar i andre sjangrar. Å få med eit spennande house-bidrag stod difor høgt på ønskelista mi då eg byrja å jobbe med å finne bidraga til årets MGP, seier Vivi Stenberg som er musikkansvarleg i MGP.

Anders set stor pris på moglegheita Stenberg har gitt dei.


– Det er kult å vere dei fyrste som representerer house i norsk Melodi Grand Prix. Det er fint å vere med på å gjere MGP breiare, og kanskje gi vår generasjon eit betre forhold til kva MGP står for, seier Anders.

– Ikkje berre dunkdunk-musikk


Tradisjonelt består housemusikk av trommemaskin, bass og noko vokal, tilført samplingar og looper av lydklipp.


– House kan vere vanskeleg å forklare, men tempoet og «sounden» er med på å gi lyttaren ein følelse som berre slik type musikk kan gi, seier Anders.

– Housemusikk er noko mange sikkert forbind med «donkdonk-musikk», slik bestefar ville sagt det. Men house består av mykje melodi med ein god beat, der vokalen ligg som ein bonus, legg til Frikk Heide-Steen.


Anders er svært nøgd med å ha med Frikk og Ida på vokal i låta

Verken Frikk eller Ida har gjort housemusikk før. Ida Stein har tidlegare gitt ut tre melankolske, elektroakustiske og alternative poplåtar og er snart aktuell med sin fyrste EP.


Frikk har bakgrunn frå «Sølvguttene» der han no er andredirrigent. Utdanninga si har han frå Bårdar Akademiet, og frå Norges musikkhøgskole. Han har i tillegg medverka på ein rekke plater.

– Eg har undervegs spurt Anders om råd om kva som er riktig og gale, med tanke på å halde sjangeren rein, seier Frikk. Han fortel at han etter mykje prøving og feiling har kome fram til eit resultat han føler seg trygg og nøgd med.

– Denne låta har eg jobba med i over eitt år, og prøvd forskjellige ting før den no endeleg sit som den skal. Kontrasten Frikk og Ida gjer, tilfører låta ein organisk følelse som gjer den perfekt, seier Anders.

TIMBRE & Frikk Heide-Steen feat. Ida Stein

TIMBRE & Frikk Heide-Steen feat. Ida Stein på artistlanseringa på Folketeateret.

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

Større enn noko tidlegare


Songen dei skal framføre er ein kjærleikssong, der Frikk fungerer som historieforteljaren, men det er opp til publikum å tolke om det er negativ eller positiv kjærleik. Dei tre er opptekne av at dei presenterer noko som kvar enkelt skal få oppleve og tolke dit dei sjølv vil. Teksta er ikkje alltid det viktigaste i ein houselåt, men ein skal få ein følelse.


No held dei tre på å tenke ut korleis dei skal uttrykke seg på scena.

– Vi skal gi publikum eit visuelt uttrykk på scena. Vi er under planlegginga av showet vi vil vise dersom vi kjem til finalen i Oslo Spektrum, seier Anders.

Anders har sett på tidlegare MGP-sendingar og håper å gi publikum ein heilt ny oppleving.

– Dette skal bli større og annleis enn nokon gong før. Men kva vi endar opp med veit vi framleis ikkje.

Ida er einaste jenta, men føler seg ikkje utanfor.

– Det er fint å vere tre stykke, for då kan vi bruke kvarandre både ovanfor pressa og alt som skal skje i dei komande månadane, seier ho.

– Det blir utruleg spennande å sjå mottakelsen for låta vår. Ein har så mange spørsmål og tankar om det å delta i MGP. Som dømes; Kjem publikum til å like låta? Seier Frikk.

– Klart dei gjer, seier Ida.

– Å vere med i MGP er utruleg spennande. Skummelt, men spennande, avsluttar Andreas.

TIMBRE & Frikk Heide-Steen feat. Ida Stein skal opptre i den fyrste semifinalen, 7. mars. Der skal dei konkurrere med fire andre artistar om å kome vidare til den store finalen i Oslo Spektrum 15. mars.

Rundt 200 millioner mennesker er samlet foran TV-skjermen når verdens største musikkshow sendes direkte fra Kiev i Ukraina. 26 land har kvalifisert seg gjennom to semifinaler, og møter forhåndskvalifiserte Storbritannia, Tyskland, Spania, Italia, Frankrike og vertslandet Ukraina. Norske kommentarer ved Olav Viksmo Slettan.
Laster innhold, vennligst vent..
Laster Twitter-innhold