Hopp til innhold

Lager tidenes største virtuelle kor- og dansenummer

Eurovision Song Contest vil ha publikum med seg på laget når dei inviterer på musikkfest i København i mai.

Bli med på ESC-scenen

Danmarks Radio (DR) inviterer deg til å delta i verdas største virtuelle kor eller dansenummer.

Foto: DR/EBU

Då Noreg arrangerte Eurovision Song Contest i 2010, fekk vi heile Europa til å danse til låten «Glow». Dette har inspirert Danmark, som no vil lage tidenes største virtuelle kor- og dansenummer.

Heile Europa får mulegheit til å kome på skjermen med song eller dans når Danmark arrangerer Eurovision Song Contest i Mai.

– Ein av vore store ambisjonar og heilt sentrale tema for Eurovision Song Contest 2014 er å komme tettare på kvarandre. Difor går vi ut til alle som har lyst til å synge eller danse i showet, og seier; «Kom og ver med», fortel DR sin showansvarlege for ESC, Jan Langermand Lundme.

Syng i koret til Emmelie

#MyEurovisionSong

DR håpar at så mange som mogleg deltek på det dei kallar for verdas største virtuelle kor.

Foto: DR/EBU

Danmarks Radio (DR) skal danne eit gigantisk virtuelt kor, og inviterer heile Europa til å sende inn ein video der dei syng vinnerlåta frå i fjor; «Only Teardrops». Dette skal brukast i den fyrste semifinalen, tysdag 6. mai.

  • All informasjon for å vere med i koret til Emmelie de Forest finn du her

Dans deg opp og fram til ESC-scenen

DR skal i tillegg lage eit dansenummer der heile Europa kan delta. Ein må filme seg sjølv med ein smartphone eller nettbrett og sende det inn.

Dansevideoen kan bli vist på skjermen, og nokre av dansarane vert også invitert til å delta under direktesendinga i den andre semifinalen, 8. mai.

  • All informasjon du treng finn du her
  • Sjå video her

– Vi vil at sjåarane «joiner» showet og blir ein del av det. Vi har merka at det er ein enorm motivasjon der ute til å vere med på dette store showet. Difor håpar vi at så mange som mogleg går inn på joinus.dk og lader opp sin versjon av «Only Teardrops» eller tek opp sin beste dansemove, slik at heile Europa kan vere med på å skape det beste showet saman.

Koreograf Kenneth Kreutzmann går igjennom alle dansevideoane og vurderer kven av dansarane som skal inviterast med på scenen i København.

– Eg håper at alle mulege menneske vil vere med; høg, lav, tjukk, tynn og i alle aldrar. Alle skal vere med, for vi vil vise at trass i at vi er så ulike i Europa, så kan vi lage noko fint saman, seier Kreutzmann til DR.

FAKTA: Slik gjer du det

#MyEurovisionSong

  • Gå inn på joinus.dk med datamaskinen som har eit webcam.
  • Trykk på record og følg instruksjonane.
  • Ta opp at du sjølv syng.
  • DR dannar eit gigantisk virtuelt kor som skal sendast på den fyrste semifinalen.

#MyEurovisionDance

  • Gå inn på joinus.dk med mobil eller nettbrett.
  • Vis ditt beste danse-move, ca. 15 sekund.
  • Husk å halde mobilen eller nettbrettet på langs, slik at opptaket kan brukast i TV-showet.
  • Dei villaste og beste dansarane blir invitert til København for å opptre i den andre semifinalen.