NRK Meny
Normal

Didrik avslutta Eurovision-uka

Marienlyst-kantinas ESC-veke blei avslutta med Didrik Solli-Tangen, rekordstort oppmøte og laaang autografkø.

Didrik Solli-Tangen
Foto: Hege Bakken Riise / NRK

Rundt 600 tok turen innom NRK-kantina, og svært mange ville sikre seg autograf frå Solli-Tangen. Faktisk så mange at han ikkje rakk å skrive til alle, før han måtte reise vidare til neste opptreden.

Masse respons

Per Sundnes, Jon Ola Sand og Ulf Reistad

Kokk Ulf Reistad får blomst for sin innsats.

Foto: Hege Bakken Riise / NRK

- Mamma mia, så nervøs eg har vore! Eg hadde ikkje gjort noko liknande før. Ulf Reistad, som til vanleg er kokk, har gleda kantinepublikummet gjennom heile veka med ESC-slagarar.

- Det er ganske annleis å spele for mange hundre NRK-tilsette, enn kollegaene på julebord. Eg visste ikkje heilt kva eg sa ja til, men det har vore veldig moro, seier Reistad.

- Korleis har responsen vore?

- Den har vore heilt rå, masse klapping, blomar og folk som kjem bort uoppfordra, tek meg i handa og seier det er kjempekult.

Kokken utelukkar ikkje at det kan bli meir klimpring på kantinepianoet i tida fram mot ESC.

Publikum i NRK-kantina

Mye publikum i NRK-kantina

Foto: Hege Bakken Riise / NRK