Hopp til innhold

Denne babyen hadde ikkje blitt fødd utan MGP

NESODDEN/NRK: Elsa Valentina (4mnd) er eit ektefødd barn av to av dei største MGP-entusiastane i landet. Snart dreg heile familien til Lisboa for å heie på Alexander Rybak.

ESC-familien

«COME TOGETHER»: Foreldra til vesle Elsa Valentina tok mottoet til MGP-finalen i Stockholm på alvor då dei vart kjærastar i 2016.

Foto: arne sørenes / nrk

Dei to norske MGP-entusiastane Siri Wigemyr og Kjell Martin Johansen vart eit par i Stockholm under den internasjonale finalen i 2016.

Med kvar sin vennegjeng var dei i den svenske hovudstaden for å oppleve Eurovision Song Contest på nært hald. Dei kjente kvarandre så vidt frå før, og hadde hatt litt kontakt, men ingen av dei i la så mykje i det:

– Eller, vi jo gjorde jo det egentlig, smiler Siri, som fortel at det fort oppstod søt musikk i Stockholm.

I denne videoen fortel Sir og Kjell Martin om korleis dei vart eit par:

DÅ DEI VART EIT PAR: Siri Wigemyr og Kjell Martin Johansen reiste til finalen i Stockholm som single, men kom heim som kjærestar. VIDEO:ARNE SØRENES/NRK

Lidenskap for MGP

– Eg kjem jo frå Larvik, og kvar gong eg var på fest der så heldt dei andre meg langt unna platebunken, flirer Kjell Martin Johansen.

Han fortel at det ikkje berre var lett å stå fram som MGP-fan i vestfoldsbyen rundt tusenårskiftet.

– Det var jo noko ein vart nesten mobba for, om enn vennskapleg.

Det kan Siri Wigemyr frå Lillehammer kjenne seg igjen i. Ho hugsar godt at MGP-musikken vart sett ned på i ungdomsmiljøa også i nordenden av Mjøsa på midten av nittitalet.

Men då Alexander Rybak vann den internasjonale finalen i Moskva, 16. mai 2009, vart liksom alt snudd på hovudet.

– Det var feiring ute i gatene og i 17. maitoget dagen etter. Brått var det ingen som hata MGP lenger.

I 2013 tok Kjell Martin mot til seg og meldte seg inn i den Den Norske Melodi Grand Prix-klubben. Det var ganske lurt, for der hadde Siri vore medlem sidan 2007.

Bryllup og baby

– Det skjedde jo ganske fort etter Stockholm at vi fann ut at vi ville gifte oss, ler Siri, og tenkjer tilbake på brylluppet i juni i fjor.

Det bar sjølvsagt eit ganske så sterkt preg av MGP:

esc

FAIRYTALE: Siri og Kjell Martin gifta seg i Gjøfjell Kirke på Nesodden laurdag 17. juni 2017. VIDEO: ARNE SØRENES/NRK

– Eg trur vi er det einaste norske paret som har brukt ein albansk MGP-låt som bruremarsj, ler Siri.

For då det nygifte brureparet gjekk ned kyrkjegolvet i Gjøfjell Kirke var det til tonane av albanske Eneda Tarifa sin «Fairytale» frå 2016.

I desember kom vesle Elsa Valentina til verda, og sjølvsagt fekk ho eit skikkeleg MGP-namn:

– Elsa er etter mi farmor, fortel Kjell Martin, mens Valentina er etter den legendariske MGP-artisten Valintina Monetta frå San Marino.

No går turen snart til Lisboa der heile familien skal heie fram Aleksander Rybakk om halvannan veke.

– Vi er glade for at finalen er i eit «sydenland» i år, seier Siri, som gler seg til sol og varme og god gammaldags MGP-stemning i Lisboa.

MGP-BABYEN: Elsa Valentina er det flotte resultatet av foreldra sin kjærleik til MGP og kvarandre. VIDEO: ARNE SØRENES/NRK

Sjå kva som skjer når i Lisboa: