NRK Meny
Normal

Det skjelv i Turbo-buksene

Kven trur du er mest nervøs før delfinalen i Florø, 18 år gamle Annsofi eller den rutinerte rockestjerna og skodespelaren Hans-Erik Dyvik Husby? Sjå video.

Berre minutt før artistane skal på scena og konkurrere om å få bli ein av dei tre som får delta i den store MGP-finalen, er det mange blanda kjensler ute og går blant artistane.

Det skjelv i Turbo-Hank sine bukser

Ein av dei mest nervøse er kanskje overraskande tidlegare Turboneger-vokalist og Jesus-skodespelaren Hans-Erik Dyvik Husby, også kjent som Hank.

– Her blir eg nervøs. Det er noko heilt anna eg skal gjere no enn eg nokon gong har gjort før, seier han.

– Det er andre artistar her som er kjempeflinke, som ein også byrjar å heie litt på. Det er publikum i salen, masse folk heime i norske stover som ser på, og det er null fallhøgd, seier Hank.

– Ingen grunn til å vere nervøs

18 år gamle Annsofi frå Sarpsborg er den yngste deltakaren i kveld, men i motsetnad til Hank ser ho ingen grunn til å vere nervøs.

– Eg er ikkje så veldig nervøs eigentleg, eg er berre glade for å vere med. Dette er jo ei oppleving ein får ein gong i livet, så ein kan jo ikkje vere nervøs for då øydelegg ein jo heile opplevinga, fortel ho.

Det kriblar i Martin

Martin Blomvik frå Sula har blanda kjensler, men har mest av alt mykje energi før han skal ut på scena for å ta det norske folk med storm.

– Det kriblar. Men eg må kome meg ut på scena snart eller så eksploderer eg, seier ein hoppande Martin.

– No er eg klar. Det kjennest ut som eg har drukke ei kasse med Red bull. No må eg berre kome meg gjennom og håpe det går så bra som mogleg, seier han.

Sjå video øvst i artikkelen.

Rundt 200 millioner mennesker er samlet foran TV-skjermen når verdens største musikkshow sendes direkte fra Kiev i Ukraina. 26 land har kvalifisert seg gjennom to semifinaler, og møter forhåndskvalifiserte Storbritannia, Tyskland, Spania, Italia, Frankrike og vertslandet Ukraina. Norske kommentarer ved Olav Viksmo Slettan.
Laster innhold, vennligst vent..
Laster Twitter-innhold