Hopp til innhold

Ingen tilfeldige instrument

Vidar Busk har pynta gitaren sin i alle fargane i regnbogen slik at den alltid matchar antrekket hans. Sjå video der artistane fortel om instrumenta sine.

Fredrik Saroea i Datarock viser fram ein Steinberger-gitar, og forklarar at det er ein ekte discogitar som til dømes KISS har bruk på turné.

– Signaturinstrumentet frå inspirasjonstida

Den er handlaga i Nashville, og er 20 år gammal. Gammalt er godt, seier Fredrik.

– All musikk vi lagar er inspirert frå åra mellom 1976 og 1983, og denne gitaren er signaturinstrumentet frå denne tida, fortel han. Den han har i handa er likevel ikkje heilt unik.

– Eg har åtte slike til ståande heime, seier han.

Gitaren matchar alle antrekka hans

Gitaren til Vidar Busk har undergått same skjebnen som kroppen hans, nemleg å bli pynta på, litt etter litt.

– Det er litt som tatoveringar dette, seier han og viser fram fargerike klistremerker og småting han har festa på gitaren sin.

– På gitaren min er det mange førebilete og små koder. Og eit bilete av meg også, faktisk, seier han, og seier det ikkje er tilfeldig at han har gjort gitaren sin om til ein fargeklatt.

– Gitaren min har kanskje alle fargane i regnbogen, og det gjer at uansett kva eg har på meg så mathcar eg gitaren min, seier han.

– Mange veit det berre ikkje

Even Reinsfelt Krogh spelar ein spesialbygd banjo i finalistbandet Lucky Lips. Han har svaret på kvifor ikkje alle i heile verda høyrer på banjomusikk.

– Det er mange som rett og slett berre ikkje veit at dei likar banjo. Men når dei høyrer skikkeleg banjomusikk, så likar dei det, fortel han.

Sjå video og lær meir om instrumenta til MGP-finalistane øvst i artikkelen.

ALT OM MELODI GRAND PRIX