NRK Meny
Normal

MGP-Charlie satt ut av sjukdom: – Dette er det verste som kunne skje!

Då MGP-aktuelle Charlie vakna i dag tidleg, var stemma nesten borte.

Charlie

Charlie tar alle forhandsregler for å bli frisk igjen før Melodi Grand Prix-semifinalen på laurdag.

Foto: Privat

MGP-Charlie har blitt sjuk, tre dagar før ho står på scenen på Folketeateret for å framføre låten «Hit Me Up», direkte foran mange hundre tusen tv-sjåarar.

– Det fyrste eg tenkte då eg vakna med smerter i halsen var «kvifor nå?» Det er så typisk at det skal skje når du står midt oppi noko. Det er det verste som kan skje, fortvilar Charlie.

Ho fortel at ho har kjent seg meir og meir uggen dei siste dagane. I dag gjennomførte ho sine første sceneprøver på Folketeateret.

– Når eg er sjuk blir det enda eit stressmoment oppi alt det andre. Prøvene gjekk bra, men eg er perfeksjonist og følte sjølv at det ikkje gjekk heilt som det skal vere.

Manager Lars Hustoft er likevel imponert over ungjenta sin innsats.

– Charlie er ei jente med bein i nasen. Erfaringsmessig så veit eg at adrinaliet vil hjelpe når artisten står på scenen, så dette skal ho klare, seier Lars Hustoft.

Dansa foran hylande Bieber-fans

Carlena Britch og Charlie

Justin Bieber-dansar Carlena Britch og Charlie lærte dei frammøtte dansen til «Hit Me Up»

Foto: Christian Wiik Gjerde / NRK

Trass sjukdom deltok Charlie før i dag på Egertorget saman med Justin Bieber-dansaren Carlena Britch.

Britch har koreografert dansen til låten «Hit Me Up», og var i dag på plass for å lære den bort til om lag 250 frammøtte. Blandt dei var det mange Justin Bieber-fans.

– Vis at dykk er dansande vikingar, ropte Carlena Britch til eit hylane oppmøte.

MGP-festivalen på Egertorget midt på Karl Johan i Oslo held fram til fredag.

Har fått kjerringråd frå mormor

Carlena Britch og Carlie skriver autografer på Egertorget i Oslo

Etter framføringa frå scena tok Carlena og Charlie seg tid til autografskriving.

Foto: Lars Hustoft

For å pleie stemma har Charlie no gjort om på planane for dei komande dagane.

– Det blir litt mindre intervju og promotering. Det viktigaste er at ho tek det med ro, og at ho får slappe av, fortel Lars Hustoft.

No har Charlie fått medisin som skal hjelpe ho til å kome i form. Ho skal også til legen i morgon i håp om at det kan hjelpe. No har ho eitt fokus:

– Eg skal ta vare på stemma og prøve å kvile. Eg har fått eit kjerringråd frå mormor som bad meg lage ein drikk med ingefær og honning. Det smakte ikkje særleg godt, men så lenge det fungerer er det det viktigaste.

Semifinalane i Melodi Grand Prix ser du direkte på NRK1 fredag-søndag. Finalen er i Oslo Spektrum 15. mars.

Rundt 200 millioner mennesker er samlet foran TV-skjermen når verdens største musikkshow sendes direkte fra Kiev i Ukraina. 26 land har kvalifisert seg gjennom to semifinaler, og møter forhåndskvalifiserte Storbritannia, Tyskland, Spania, Italia, Frankrike og vertslandet Ukraina. Norske kommentarer ved Olav Viksmo Slettan.
Laster innhold, vennligst vent..
Laster Twitter-innhold