Hopp til innhold

- Det følast heilt utruleg!

Maria Haukaas Storeng og gutane i CRASH! kunne nesten ikkje tru at dei er vidare i finalen.

CRASH! og Maria Haukaas Storeng med låtskriverene sine
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Sja video med vinnarane her:

Nett-TV: - Alle menn sin våte draum!

 

- Dette er heilt fantastisk, det følast heilt utruleg, seier Maria Haukaas Storeng  med eit enormt smil om munnen.

- Dette er dritfett! Dei fire gutane i  CRASH! er og direkte vidare til finalen, for andre gong.

CRASH! og Maria Haukaas Storeng

CRASH! og Maria Haukaas Storeng rett etter sendinga.

Foto: Birte njøsen Horne / NRK

Fire bra

- Det er fire bra vidare til finalen allereie, seier Maria.

Ho seier og at ho likar alle som er vidare, og veldig glad for at det er CRASH! som kom direkte vidare saman med ho. Det same meiner gutane om Maria.

- Eg har vedda på at vi og Maria kom vidare. Og eg fekk jo rett, seier ein av gutane i CRASH!

 

Maria Haukaas Storeng og CRASH!
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Skal kicke ass

I fjor kom gutane og direkte til finalen, men den gong kom dei på ein tredje plass i sjølve finalen, det skal dei gjere noko med i år meiner låtskrivaren til CRASH! Trond "Teeny" Holter frå Wig Wam.

- Vi har fått betre respons denne gongen. Framføringa er betre, musikken er betre, alt er betre!

Og CRASH!-gjengen skal har bestemt seg for ikkje å tape i finalen.

- Vi drar ikkje dit for å tape. Vi skal kicke ass!

Sjå sendinga her!

Måtte vidare

- Du sang heilt nydeleg! Det var noko av det første Mira sa då ho såg Maria.

Mira Craig og Maria Haukaas Storeng
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Og Mira hadde på førehand bestilt flybillett tilbake til Norge for finalen.

- Ja, derfor måtte vi jo vidare!

Og dei håpar sjølvsagt på å vinne heile den norske MPG, og då få reise til Beograd. Og oppskrifta på å vinne er klar!

- Vi skal kjøre på og sjarmere folk i senk!

Sjå bilder frå sendinga her.

Skal feste heile natta

Både Maria, CRASH! og låtskrivarane deira var heilt sikre på kva dei skulle gjere resten av kvelden.

- Feste! Det blir ikkje stille og roleg i kveld, sa ei lykkeleg Maria til eit fullt pressekorps.

To til sistesjansen

Både  Zuma og  Anne Hvidsten kom vidare til sistesjansen som er den 6. februar.

Sven Garås  og  Cube måtte takke for seg for denne gong.

CRASH! og Maria Haukaas Storeng

det blei ingen hopp frå CRASH! i år under framføringa, men rett etter fekk publikum i alle fall eit slags hopp...

Foto: Birte Njøsen Horne / NRK