NRK Meny
Video Ingrid Espelid Hovig lager viltgryte

Ingrid Espelid Hovig lagar viltgryte med reinskav og sopp.

Viltgryte med sopp

Ingrid Espelid Hovig likar ikkje ordet finnbiff. Viltgryte er eit mykje betre namn på denne oppskrifta. Viltgryta kan lagast av reinskav eller elgskav.

Slik gjør du

Kjøtet skal vera oppskava i tynne flak, slik det er i dei pakkane vi får kjøpt frå frysedisken. Men skulle ein ha lyst til å bruke reinsdyr- eller elgkjøt frå eigen djupfrysar, kan vi skava kjøtet tynt opp sjølve. La det djupfryste kjøtet liggja ein halvtime ved kjøkkentemperatur, og skav opp så mykje ein måtte trengje. Det er lettast å skave opp kjøtet medan det er fryst.

Brun smør og margarin i ei gryte. Ha i kjøtet og brun det godt. Sil krafta godt av hermetisk sopp. Brun soppen med ei stund. Dryss på salt og pepar, og ha ev. i nokre grovknuste einebær. Spe med fløyte, og la gryta småkoke 10–15 min. Smak til. Blir det litt tørt, kan vi spe i ørlite soppkraft eller vatn.

Server kokt ris eller kokte poteter til. Tytebærsyltetøy set ein ekstra spiss.

Tips

Sjå også: Fleire oppskrifter frå Ingrid Espelid Hovig

Kilde: Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet