Laster innhold, vennligst vent..

Vi testar tortilla-dilla

Har du sett bilete av bretta tortillas i Instagram-straumen din i det siste? NRK Mat måtte òg prøve trikset.

brettet tortilla med ulikt fyll

FYLTE OG BRETTA TORTILLAER: Ein variant med kalkunpålegg, avokado, paprika og salat. Ein med brie, honning, valnøtter og ruccola, og ein klissete og herleg variant med peanøttsmør, bringebær, sjokonøttepålegg og banan.

Foto: Torunn Grymer / NRK

Våren og sommaren i 2020 var det den koreanske iskaffien «dalgona» som spreidde seg som ein frisk bris i sosiale medium, der vi sat på heimekontora våre og sveitta og drøymde om god iskaffi. No er det bretta tortillas som gjeld.

Tradisjonar og trendar

Mat har alltid vore både tradisjon og trendar, og seier vi kabaret, pizza eller sushi så tek det oss raskt til nokon minne om då desse rettene var trendy. Eller vi lurer på kva i namnet til himmelen det var folk etne før. Reker og asparges i ein slags buljong-gelé? Er du a-spik spenna galen? Det spørst om han blir retro-kul igjen.

Men brødmat med godt pålegg, det kjem stadig igjen. Sandwichar, smørbrød, taco, pizza, hamburgarar, wraps, quiche, pølse i lompe, børek og pirogar, for å nemne nokon – dei er alle laga av ein deig med fyll. Og no er det tortilla med pålegg som er greia.

Nettstaden TheKitchn skriv at det var matbloggeren Samira Kazan som la ut bilete av den brette tortillaen først. Det er ikkje godt å vite om det stemmer, men no er dei i alle fall over alt etter at det vart starta ein såkalla «TikTok-challenge» der bloggere oppmodar kvarandre og andre til å leggje ut bilete av tortillaene dei lagar.

Etter at det skal ha starta på TikTok og heldt fram i andre sosiale medium har mange av oss ramla over bilete av at nokon serverer tortillaene på den nye måten. I staden for å rulle dei saman, brettar ein dei. Og dei ser jo freistande ut!

Leik med maten!

For å få bretta dei rett, kuttar eller klipper ein eit snitt frå midten av lefsa og rett ut til kanten. Så fyller ein kvar firedel med ulike pålegg. Eit døme kan vere kremost, kalkunpålegg, rucola og raudløk for ein kald variant, eller det kan vere pizza-fyll som tomatsaus, ost, skinke eller sopp som ein steikjer i smørbrødgrillen. Eller rett og slett i panna eller i omnen på eit steikjebrett. Og dei er perfekte å bruke i matpakken, både til ungane og seg sjølv.

Anna godt ein kan ha i er peanøttsmør, bringebær, sjokonøttepålegg og bananskiver til ungane, eller brie, frisk timian, fiken og honning for ein søt variant til dei vaksne. Eller kyllingrestar, rucola, pesto og soltørka tomatar?

Dei kan òg gjerne pakkast inn i grillfolie og steikjast ved bålet på tur eller på grillen. Då passar det til dømes med fyll ein vil brukt i ein quesadilla. Berre fantasien set grenser for kva godsaker du kan fylle dei med. Og når dei er fylte brett du dei saman. Sjå korleis i oppskrifta vår:

Deler dykk bilete av eigne tortillaer i sosiale medium, så merk dei gjerne med #nrkmat.