Hopp til innhold

Våre mest populære middagar

Kva skal vi ha til middag? Du treng ikkje lure lenger. Dette er dei ni mest populære middagane våre i 2022. Vi unner deg å prøve desse. Dette er verkeleg gode saker.

Kylling i fløtesaus med hvitløk og estragon

Kylling i fløytesaus med kvitløk og estragon, ein «top og the pops» i NRK Mat.

Foto: Tone Rieber-Mohn / NRK

Pasta og ost er fantastisk godt. Denne italienske oppfinninga er perfekt med glinsande og skinnande saus som freistar.

Laks og kylling blir alltid ekstra godt med mangosaus. Mangchutney og krydra kremsaus løfter denne kyllingen til nye høgder.

Middag i form er populært hos lesarane våre, og denne «peaker» i toppen. Vi blandar perfekt mengd kjøttdeig, bacon, krydder, grønsaker og ost – og han skal steikje godt og lenge.

Klassikarar er ikkje klassikarar utan grunn. Prøv denne kjøttgryta med bacon, raudvin, og rause mengder av god smak.

Eller du har lyst på noko enkelt og kjapt. Denne er digg. Reine smaker som lagar ein liten fest i munnen.

Denne ser avansert ut, men er enkel og nesten utruleg god. Løyndommen her er å byrje med sausen, og brune han godt. Denne er på julemiddag-nivå.

Ny rett for steikjeomnen, og kalkun denne gongen. Saftig kalkun. Og pastinakkpuré som leikar med ganen – og saus som garanterer at du forsyner deg meir enn ein gong.

Livet består av flest kvardagar. Lapskaus er kvardagskost. Men denne smaker som høgtid.

Igjen er det sausen som gjer susen. Her er det kvitvin, kraft, fløyte, estragon og kvitløk som lagar magien. Denne må du berre teste ut.