NRK Meny

Tyttebærgraut med fløyte

Bodil seier: – Grauten er frisk, fylt av smak og sunn til tusen, med alle sine kvalitetar av tyttebær og bygg. Den gjør seg som mellommat eller dessert. Med en fløyteskvett på gir denne grauten eit lykkeleg augneblink.

Slik gjør du

Kok opp vatn og sukker i ti minutt. Ha tyttebæra oppi og rør godt, jamt og lenge. Slå ut bæra, det vil seie at du rører med eit reiskap som gjør at du slår i stykke bæra. Bæra skal nyttast godt, og derfor må dei slåast heilt ut. Det du kan gjøre om du blir motlaus, er å ta bærmassen på kjøkkenmaskinen og røre den heilt ut. Du vil sjå på bærmassen at den får en annen tyttebærfarge når alle bæra er knust.

Sett til byggmjøl fort og rør godt. Det er viktig å røre mjølet godt inn.

Denne tyttebærgrauten blei ofte kokt om hausten med det same bæra var plukka, og den kunne stå som graut i krukker eller glas vinteren over.

Tips

Sjå også: Oppskriftene frå Bodil Nordjore

Kilde: Bodil Nordjore i TV-serien Matlyst