NRK Meny
Bodils brød

Tysk bondebrød ser du midt i bildet, blant alle brødene fra Bodil Nordjore.

Foto: Ida Kjøstelsen

Tysk bondebrød

Her får du oppskrift på eit surdeigsbrød frå Bodil Nordjore.

Slik gjør du

Dette er eit surdeigsbrød. Då nyttar eg 25 gram surdeig som eg har ståande som kultur. Dette dannar grunnlaget for den neste surdeigen. So rører du denne ut i lunka vatn, tilset rug, tilset litt meir rug og vatn kvar 12. time i tre-fem dagar intil du har ein boblande velluktande surdeig. Den vert betre dess lengre den står.

Når den er klår for neste etappe, so gjer du ferdig deigen. Lat den få god tid til heving. Dette gjer seg jo sjølv, so du kan godt la den stå frå ein kveld til neste dag.

Bak ut trinne brød. Ikkje for store brød når du nyttar surdeig. Gjev dei ein lun stad til heving. Pensle gjerne med kaffe.

Bak ut passa store og faste brød. Set omnen på det varmaste, og lat den vera so varm når du set inn i brøda Lat dei stå slik om lag ti min, skruv ned temp til 170 °C varmluft. Steik i totalt 45-55 min, litt ettersom kor store brøda er.

Kilde: Bodil Nordjore