NRK Meny

Tomatsuppe

Tomatsuppa frå Bodil Nordjore med kvitlauk, karve, chili og paprikapulver.

Slik gjør du

Køyr lauk og kvitlauk i matmylla, fres dette blankt i ein kjele med litt smør.
Vask tomatene, og køyr desse ogso i matmylla til dei er ei passa jamn masse. Ha tomatmassa oppi kjelen, kok opp på svak varme.
Ha oppi karve og lat dette småputre i nokre min, då fyser vatnet ut av tomatune og det heile fordampar og får ein meir konsentrera smak.
Spe me dlitt kraft, grønsakkraft eller kjøtkraft.
So kan du krydre med den smaken du tykkjer er gild, lite eller mykje, til sterk eller passa sterke suppe

Tips

Her er nokre framlegg til smakar du kan styre det heile mot.
Vil du ha ei kraftigare og krema suppe, kan du sjølvsagt ha oppi både fløyte, rjome, smør og creme fraiche. Dette gjere du som du har lyst til der og då!

Pesto, basilikum, rjomi, kjøt (koka og reinsa frå lam eller stute (storfe)), pasta, grønsaker som sellerirot, jordskokk, gulrot, brokkoli eller hardkoka egg i båtar er mogelege variantar. Se også: Oppskriftene frå Bodil Nordjore

Kilde: Bodil Nordjore i Nitimen