Slik gjør du
Vask sitronen godt, og skrell den med ein potetskrellar slik at du får av berre det gule skalet. Skjer det gule i tynne strimlar, og kok det i vatnet i ei stor gryte i 10 minutt. Pass på så det ikkje kokar tørt.
Fjern det kvite som er att av skalet på sitronen, del sitronkjøtet i fire båtar, og skjer båtane i tynne skiver. Fjern det du finn av steinar.
Skyl tomatane og del dei i fire. Fjern stilkfestet viss det er hardt, og skjer tomatbåtane i tynne skiver.
Ha sitronen og tomatane i gryta saman med sukker, salt og kanel. La det heile koke medan du rører av og til i nærare ein time. Rør inn atamon, fjern kanelborken, og fyll marmeladen på reine, nykokte glas.
Lagre marmeladeglasa mørkt og kjølig.
Tips
Vil du ha marmeladen meir chutneyaktig, kan du ha i litt eddik og gjerne ha i litt finhakka raud chili. Då blir den litt sterk og tøffare i smaken.
Se også:
Kilde: Gunda Djupvik i Førkveld