NRK Meny
Rabarbrasaft

RABARBRASAFT: Slik lagar du råsaft og kokt saft av rabarbra. Råsaft til venstre, kokt saft til høyre.

To variantar av rabarbrasaft

Rabarbraen kan forvandlast til ei nydeleg saft som passar både som tørstedrikke, aperitiff og drikke til maten. Her får du ei oppskrift der du får brukt rabarbraen to gonger, først til råsaft og så til kokt saft.

Slik gjør du

Råsaft av rabarbra

Vask og del rabarbraen i bitar med skalet på. Legg rabarbra og sitron skoren i skiver lagvis. Dryss over sitronsyre. Slå over kaldt vatn og lat det stå i to døgn.

Sil safta og rør inn sukker til safta er passe søt (cirka 200-300 gram sukker per liter saft.) Frys safta i passelege porsjonar. Plastflasker er fine til dette bruket.

Kok restesaft

Di kan lage god restesaft av rabarbraen ved å ta i nytt vatn til det dekkjer stilkane og kok dette opp. Denne safta vert ekstra god om ein kokar fersk ingefær skoren i bitar saman med rabarbraen. Vil ein ha mykje smak av ingefær kan denne få koke i vatnet i fem minutt før ein har i rabarbraen.

Slå av plata etter oppkok og lat den stå og trekke nokre minutt før du silar av safta. Rør inn om lag 250 gram sukker per liter saft. Frys safta i passelege porsjonar.

Tips

Når ein skal bruke safta blir den ekstra god om ein blandar 1/3 saft, 1/3 vatn og 1/3 vatn med kolsyre.

Kilde: Kari Støfringsdal