Laster innhold, vennligst vent..
Tebriks

Det skal smør mellom laga og valmuefrø på toppen i ordentlege tebriks.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Tebriks

Gled deg til frukost eller lunsj med desse småbrøda. Tebriks med valmuefrø passar til det meste. Oppskrift frå Kari Støfringsdal.

Slik gjør du

Varm vatn og smør til 35 grader. Løys opp gjæra i væska og ha i sukker, salt og mjøl. Arbeid lett saman, deigen skal ikkje bli seig. La deigen heve godt opp.

Kjevl ut deigen til ei lengd på 20 x 80 cm. Pensl mjukt smør på 2/3 av leiven. Brett han i tre med den usmurde langsida først inn. Snu skøyten ned mot bordet og del opp lengda i 4 cm breie stykke. Etterhev dei.

Pensl med samanpiska egg og dryss med valmuefrø. Steik dei ved 250 grader i 12 minutt til dei er friskt gulbrune.

Tips

Meir baking? Prøv grovbrød frå Kari Støfringsdal.

Kilde: Kari Støfringsdal